Jobbsøkjarar med utanlandsk namn vert diskriminert
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 1204 | Dato: 10.01.2012
Diskriminering i tilsettingsprosessar hindrer jobbsøkjarar med etnisk minoritetsbakgrunn å delta i arbeidslivet. Sannsynet for å bli kalla inn til intervju synker med 25 prosent for jobbsøkjarar med utanlandsk namn. Menn vert oftare diskriminert enn kvinner og privat sektor diskriminerer meir enn offentlig sektor.
- Diskriminering av jobbsøkjarar med etnisk minoritetsbakgrunn skal ikkje førekomma. Alle skal ha like moglegheiter på arbeidsmarknaden uavhengig av etnisk bakgrunn. Den norske arbeidsmarknaden treng kompetente personar. Arbeidsgjevarar som ønskjer gode resultat skal rekruttere dei beste søkjarane, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Audun Lysbakken.
Arnfinn H. Midtbøen ved Institutt for samfunnsforskning og Jon Rogstad ved Fafo har undersøkt diskriminering i arbeidslivet ved å sende ut 1800 fiktive jobbsøknader til reelle jobbutlysingar. Søknadene vart sendt parvis til kvar utlysing. Kandidatane var like godt kvalifisert, men hadde namn som signaliserte ulik etnisk bakgrunn. Forskarane fann at sannsynet for å bli kalla inn til eit jobbintervju i snitt vert redusert med 25 prosent for personar med utanlandskklingande namn.
- Deltaking i arbeidslivet er viktig for integreringa. Rapporten viser at sjølv personar som er fødd i Norge får i mindre grad tilgang til arbeidsmarknaden enn etnisk norske, sjølv med identiske kvalifikasjonar. Funna i denne rapporten skal vi bruke for å motverka arbeidsmarknadsdiskriminering. Seinare i år legg eg fram ei stortingsmelding om integrering, seier statsråd Lysbakken.
Kjønn, geografi, sektor og bransje speler ei rolle. Særleg påfallande er skilnadane mellom kvinner og menn, og mellom offentleg og privat sektor. Diskrimineringsratene er langt høgare for menn enn for kvinner, og for privat enn for offentlig sektor. Ein stor del av desse kjønns- og sektorvise skilnadene kan forklarast med skilnader på stillingsnivå. For eksempel har dei offentlege stillingane, der flest kvinner har søkt, hatt klarare krav til formalisert utdanning enn stillingane i privat sektor, der flest menn har søkt. Uklare utdanningskrav gir meir rom for bruk av skjønn.
Lenke til rapporten: http://www.samfunnsforskning.no/Publikasjoner/Rapporter/2012/2012-001
Forskernes presentasjon:
Diskrimineringens_omfang_og_årsaker