Styrkjer arbeidet mot vald i nære relasjonar
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Pressemelding | Dato: 14.10.2013
Regjeringa styrkjer arbeidet retta mot sårbare barn, unge og familiane deira.
Regjeringa styrkjer arbeidet retta mot sårbare barn, unge og familiane deira.
- Ved å styrkje det førebyggjande arbeidet, barneperspektivet og behandlingstilbodet, blir barns vern mot vald og overgrep styrkt. Tidleg innsats er viktig. Erfaringane frå barndomen kan avgjere korleis vi får det resten av livet. Ein god barndom varer ikkje bare livet ut, men i generasjonar, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marte Thorkildsen.
Som ein del av oppfølginga av strategien Barndommen kommer ikke i reprise – strategi for å bekjempe vold og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017), føreslår regjeringa å løyve 8,5 millionar kroner til å prøve ut programmet Nurse Family Partnership i 2014.
- Programmet vil tilby tett oppfølging av sårbare familiar og systematiske heimebesøk frå tidleg svangerskap til barnet fyller to år. Alle gravide vil bli spurt om dei har blitt utsett for vald eller overgrep, seier Thorkildsen.
Styrkjer barneperspektivet i foreldretvistar
Regjeringa føreslår tiltak for ei betre handsaming av foreldretvistar der barn er utsett for vald og overgrep. I 2013 blei det vedteke lovendringar i barnelova som gjer barn styrkt rett til deltaking i foreldretvistar som går for domstolane, og som skal sikre ein domstolsprosess til barnet sitt beste.
- Lovendringane vil sikre at saker der det er vald og overgrep blir betre opplyst, slik at rettstryggleiken blir betre for barna, seier Thorkildsen.
Regjeringa føreslår mellom anna at:
- Staten skal dekkje kostnadene til sakkyndig utgreiing i foreldretvistar om fast bustad og samvær. Dette følgjer av dei vedtekne lovendringane. Det er fremja forslag om ei styrking av Justis- og beredskapsdepartementet si løyving med 10 millionar kroner.
- Den kommunale barneverntenesta får ansvaret for beskytta tilsyn under samvær. Det blir gjort framlegg om at kommunane gjennom rammetilskottet vert styrkt med 2,3 millionar kroner.
- Det blir føreslått 2 millionar kroner til kompetanseheving for aktørane i domstolane for å styrke kompetansen på samtaler og høyring av barn.
Betre tilbod til unge valdsutøvarar
Regjeringa føreslår å styrkje tilbodet til unge valdsutøvarar og barn utsette for vald og overgrep i nære relasjonar gjennom eit nytt samarbeidsprosjekt mellom Alternativ til vold og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)/familieverntenestene. Departementet føreslår ei løyving på 5,8 millionar kroner. Regjeringa vil òg styrkje Bufdir/familieverntenestene sitt arbeid med valdsutsette barn og deira familiar samt arbeidet med høgkonfliktsaker. Løyvinga til dette formålet blei auka i 2013, og departementet føreslår ny auke i løyvinga for 2014 på 3,8 millionar kroner.
Regelmessige omfangsundersøkingar
Regjeringa føreslår også 3,5 millionar kroner til regelmessige omfangsundersøkingar over fleire år for å overvake utviklinga av vald og overgrep mot barn. Det vil også bli satt av ein halv million kroner til ein forskingsbasert gjennomgang av dei mange ulike kurs- og informasjonsopplegga knytt til vald og overgrep. Regjeringa føreslår vidare 2 millionar kroner til stimuleringsmidlar til foreldrerettleiing og andre foreldrestøttande tiltak. Formålet er å styrkje foreldra sin omsorgskompetanse.