Historisk arkiv

Vil lære meir om vald og overgrep mot born

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barneminister Inga Marte Thorkildsen ønskjer å lære meir om korleis ulike etatar og tenester fangar opp og ivaretek born og unge som er eller kan vere utsette for vald og seksuelle overgrep. Derfor reiser statsråden til Vestfold på studietur neste veke for å besøkje relevante tenester.

Barneminister Inga Marte Thorkildsen ønskjer å lære meir om korleis ulike etatar og tenester fangar opp og ivaretek born og unge som er eller kan vere utsette for vald og seksuelle overgrep. Derfor reiser statsråden til Vestfold på studietur neste veke for å besøkje relevante tenester. 

Bakgrunnen for studieturen til Vestfold, er departementet sitt arbeid med strategien mot vald og seksuelle overgrep mot born og unge. Strategien kjem i løpet av hausten. Thorkildsen skal sjå korleis fagfolk arbeider med å førebyggje og avdekkje ulike former for overgrep, korleis ein fangar opp signal om at noko er gale, korleis born og unge blir tatt hand om, korleis tenestene seg imellom arbeider osb.

Slik ser programmet ut nå (det kan bli endringar):

 

Onsdag 26. juni:

Statsråden inviterer til ekspertmøte om familievern. Ho ønskjer diskusjon om tiltak for å betre situasjonen for born og familiar med høg konflikt. Mellom andre kjem barnepsykolog Magne Raundalen.

Tid: 1000-1245
Stad: Quality Hotel Tønsberg, Ollebukta 3

Statsråden inviterer til seminar om familieråd – ein metode i barnevernet  som mobiliserer ressursar i barns familie og nettverk.

Tid: 1300-1500
Stad: Quality Hotel Tønsberg, Ollebukta 3 

 

Torsdag 27. juni:

Torsdag er statsråden i Nøtterøy kommune for å lære korleis born og unge som har vore utsette for vald og seksuelle overgrep blir følgt opp. Skal blant anna høyre om samarbeidet med incestsenteret i Vestfold, politiet og sjukehuset.

Fredag 28. juni:

Fredag besøkjer statsråden sjukehuset i Vestfold. Der blir ho orientert om sjukehuset sitt arbeid med born og unge som er utsette for vald og seksuelle overgrep. Statsråden skal besøkje fleire avdelingar ved sjukehuset.  

For meir detaljert program og ved spørsmål ifm onsdag og torsdag, ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Linda Sørfjord på mobil: 93 01 91 32. 

Når det gjeld fredag, ta kontakt med kommunikasjonsrådgjevar Anne Nordskog på mobil: 97 53 09 48.