Barndomen kjem ikkje i reprise
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
Artikkel | Sist oppdatert: 17.10.2013
I dag la regjeringa fram sin strategi for å motarbeide vald og seksuelle overgrep mot born og ungdom. Strategien legg stor vekt på førebyggjande arbeid, tidleg innsats og samarbeid på tvers av tenester.
I dag la regjeringa fram sin strategi for å motarbeide vald og seksuelle overgrep mot born og ungdom. Strategien legg stor vekt på førebyggjande arbeid, tidleg innsats og samarbeid på tvers av tenester.
- Erfaringane frå barndomen kan avgjere korleis vi får det resten av livet. Ein god barndom varer ikkje bare livet ut. Ein god barndom varer i generasjonar. Det er avgjerande å styrkje det førebyggjande arbeidet alt under svangerskapet. Vi skal nå spørje gravide om dei har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep, og vi set i gang eit pilotprosjekt med systematiske heimebesøk både under og etter svangerskapet for sårbare familiar, seier barneminister Inga Marte Thorkildsen.
I dag la Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og Kunnskapsdepartementet fram strategien Barndommen kommer ikke i reprise. Strategien inneheld 42 tiltak.
- Helsepersonell har ei viktig rolle i å avdekkje, behandle og følgje opp barn som har blitt utsette for vald og overgrep. Å handle tidleg er viktig for å hindre ytterlegare valdsbruk og overgrep og redusere skadeomfanget. Nå styrkjer vi helsepersonells kompetanse og betrar rutinane i helse- og omsorgstenestene, seier helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre.
Strategien legg til rette for meir kompetanse slik at vi oppdagar og kan hjelpe utsette born.
- Barnehagen og skulen skal vere ein trygg stad der born kan fortelje om vald og seksuelle overgrep på eige initiativ. Vi styrkjer nå arbeidet med å sikre at barnehagen og skulen kan fungere på denne måten, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.
- Justissektoren, og særleg politiet, spelar ei viktig rolle i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot born og ungdom. Vi skal halde fram med å styrkje politiet sin innsats på dette området, i tett samarbeid med andre tenester. Statens barnehus spelar her ei viktig rolle, seier justis- og beredskapsminister Grete Faremo.
Her er nokre av dei viktigaste tiltaka i strategien:
- Risikoutsette fyrstegongsfødande skal få tilbod om langvarig og systematisk oppfølging frå svangerskapet av. Resultata er svært gode i bla Storbritannia, og nå kjem programmet til Noreg.
- Vald og seksuelle overgrep skal inkluderast i utdanningane til alle som jobbar med born. Regjeringa styrkjer med dette utdanningstilbodet slik at ein får eit felles kunnskapsgrunnlag hjå tilsette som møter born i barnehage, skulen, barnevernet, helse- eller omsorgstenester.
- Styrkje skulen si rolle i førebygging av vald og seksuelle overgrep
- Tilskot til kommunane til iverksetting av foreldrerettleiing