Historisk arkiv

2, 85 millionar til ungdom i distrikta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne- og likestillingsdepartementet

Ungdom i 42 kommunar får no fleire og betre mogelegheiter til aktivitet.

Pressemelding

Nr.: 06023
Dato: 09.05.06

2, 85 millionar til ungdom i distrikta

Ungdom i 42 kommunar får no fleire og betre mogelegheiter til aktivitet. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) delar på vegne av Barne- og likestillingsdepartementet ut årets tilskot til ungdomssatsing i distrikta. 42 kommunar får opptil 100 000 kroner. Ungdom har vore med på å bestemme kva for tilbod kommunane har søkt om.

Departementet inviterte 61 små distriktskommunar med stor nedgang i folketalet til å søke. 49 av desse leverte søknad.

- Det er eit krav at ungdom deltek i arbeidet med søknaden og at dei får vere med på iverksetting av aktivitetane. Gjennom dialogar med ungdom kan kommunane få ein betre ungdomspolitikk som kan styrke busetjing og lokalkjensle, seier barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem.

- Kommunane har sett i verk mange gode tilbod som resultat av tilskota. Det er eit stort mangfald av aktivitetar som ungdom har ynskt seg, og det er ikkje alltid det skal så store summar til for å skape aktivitetar som gjev auka trivsel, seier statsråd Karita Bekkemellem.

Interessa for tilskotsordninga er stor. Ei oversikt over fordelinga av tilskot for 2006 følgjer vedlagt. Dei einskilde kommunane kan gje meir informasjon om den lokale satsinga.

OVERSIKT OVER KOMMUNAR SOM ER TILDELT MIDLAR TIL UNGDOMSSATSING I DISTRIKTA I 2006:

Fylker

Kommuner

Beløp i kroner

Hordaland

Jondal

70 000

Sogn og Fjordane

Solund

30 000

Balestrand

70 000

Årdal

70 000

Møre og Romsdal

Sande

100 000

Halsa

80 000

Smøla

40 000

Stordal

60 000

Aure

50 000

Sør-Trøndelag

Osen

90 000

Snillfjord

25 000

Nord-Trøndelag

Verran

50 000

Røyrvik

80 000

Leka

100 000

Nordland

Herøy

100 000

Træna

60 000

Rødøy

100 000

Beiarn

70 000

Sørfold

100 000

Tysfjord

40 000

Grane

80 000

Værøy

40 000

50 000

Andøy

60 000

Moskenes

60 000

Bindal

80 000

Steigen

70 000

Ballangen

70 000

Lurøy

40 500

Flakstad

50 000

Troms

Bjarkøy

55 000

Ibestad

90 000

Salangen

80 000

Dyrøy

100 000

Torsken

55 000

Berg

100 000

Kåfjord

100 000

Kvænangen

59 500

Finnmark

Loppa

50 000

Båtsfjord

55 000

Måsøy

50 000

Unjargga/Nesseby

70 000