Historisk arkiv

Nye regler for sakshandsaming i fylkesnemdene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Barne- og likestillingsdepartementet

Sakshandsaminga i fylkesnemndene for sosiale saker skal forenklast, utan at rettstryggleiken for dei private partane blir redusert.

Pressemelding

Nr.: 06026
Dato: 12.05.06

Regjeringa foreslår endringar i lov om barnevern:

Nye regler for sakshandsaming i fylkesnemndene

Sakshandsaminga i fylkesnemndene for sosiale saker skal forenklast, utan at rettstryggleiken for dei private partane blir redusert. Forslaget til endringar i reglane medfører ei tilnærming til hovudprinsippa i den nye tvisteloven. Namnet skal òg endrast til Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, foreslår Regjeringa i ein proposisjon som passerte statsråd fredag.

- Om lag 95 prosent av sakene i fylkesnemndene gjeld barnevern. Det er derfor viktig at reglane for sakshandsaming i fylkesnemndene tek omsyn til dei særlege behov som gjer seg gjeldande i barnevernsakar. Då er det naturleg at desse blir regulert i lov om barnevern og ikkje som i dag i sosialtenestelova , seier barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem.

I sitt framlegg går regjeringa inn for at fylkesnemndene som hovudregel skal bestå av tre medlemmer, og ikkje fem som i dag; nemndas leiar, eit fagkyndig og eit alminneleg medlem. Nemndas leiar kan likevel bestemme at nemnda skal ha fem medlemmer når saka er så vanskeleg at den tilseier det.

I tillegg medfører forslaget at nemndleiaren i større grad enn etter dagens reglar skal kunne avgjere saker aleine og utan drøftingsmøte. Vidare vil ein innføre ein sperrefrist på 12 månader for retten til å krevje ny handsaming av tidligare vedtak om samværsrett, og det er forslag om enklare sakshandsaming når nemnda skal vurdere akuttvedtak frå det kommunale barnevernet.

Regjeringa vil òg lovfeste at tiltak til støtte for foreldre med sikte på å redusere alvorlege åtferdsvanskar hos unge skal kunne gjennomførast utan samtykkje frå barnet.

Ot.prp.nr 76 (2005-2006)