Historisk arkiv

Nytt bustadtakstutval sett ned

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

- Regjeringa vil ha betre informasjon ved bustadomsetjing:

Kjøp og sal av bolig i Noreg fører med seg ei rekke klagar og tvistar. Mange av desse skuldast manglande informasjon om bustaden og den tekniske tilstanden.

Kjøp og sal av bolig i Noreg fører med seg ei rekke klagar og tvistar. Mange av desse skuldast manglande informasjon om bustaden og den tekniske tilstanden.  

Regjeringa har i dag sett ned eit utval som skal utrede og gjera framlegg til regelverk som stiller krav til god informasjon om relevante forhold og dei tekniske tilhøva (tilstandsrapport), ved sal og markadsføring av bustader. Det skal det også vurderast om rapporten skal innehalde opplysningar om bustadens energibruk.

 

Utvalet skal vurdere kva kvalifikasjonar som skal krevast av boligtakserarar, og om det er behov for ein offentleg godkjenning for desse. Arbeidet skal være ferdig i løpet av 2008. Takstmannens uavhengighet og ansvar for tilstandsrapporter skal også utgreiast.

 

Utvalget: Leiar: Professor Kåre Lilleholt, Oslo                          

Medlemmer: Sivilingeniør Lise Heggedal, Alta.                         

Ingeniør/ordfører Jan Petter Hammerø, Molde.                         

Styremedlem Janne M. Hatlebakk, Fræna.                                  

Eiendomsmegler Kåre Mæland, Stavanger.                               

Underdirektør Mia Ebeltoft, Oslo.                                            

Underdirektør Vidar Holm, Tvedestrand.                                  

Rådgiver Andreas Nordby, Oslo.                                             

Underdirektør Harald Assev, Oslo.                                           

Seniorrådgiver Jorunn Øystese, Oslo.                                       

Seniorrådgiver Egil Rokhaug, Oslo.                                               

Sekretær: Stipendiat Miriam Skag