Budsjett 2009:
Økt satsing på barn og ungdom i Groruddalen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 08119 | Dato: 07.10.2008
Barne- og likestillingsdepartementet si løyving til barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn er auka med 15 millionar kroner i statsbudsjettet for 2009. Auken skal mellom anna nyttast til etablering av Grorud fleirbrukshall i bydel Grorud i Oslo. Løyvinga er eit ledd i regjeringa si satsing på Groruddalen, i tråd med Soria Moria-erklæringa.

- Eg er oppteken av å sikre opne og inkluderande møteplassar for barn og unge i nærmiljøet. Planane for Grorud fleirbrukshall er spanande. Her blir det lagt opp til eit mangfald av aktivitetar kor barn og unge får høve til å prøve ut nye ting gjennom leik og læring. Ungdommane vil også møte utfordringar, eller dei kan treffe gamle og nye venner i hallen, seier statsråd Anniken Huitfeldt.
Grorud fleirbrukshall er ein del av Grorud idretts- og kulturpark, ein open og inkluderande idretts-, aktivitets- og kulturpark som skal etablerast som ledd i arbeidet med å fremje integrering og sikre gode oppvekstvilkår for bydelens og byens barn og unge. Det skal leggjast til rette både for ute- og inneområde som innbyr til leik og fysisk aktivitet – og til kontakt på tvers av interesser.