Budsjett 2009:
Styrking av familieverntenesta
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet
Pressemelding | Nr: 08122 | Dato: 07.10.2008
Regjeringa vil i 2009 styrkje kapasiteten i familievernet med 10 millionar kroner. Tenesta skal bli betre ved at det blir oppretta nye fagstillingar der behovet er størst. Målet er å redusere ventetida og jamne ut tenestetilbodet mellom regionane.
Regjeringa vil i 2009 styrkje kapasiteten i familievernet med 10 millionar kroner. Tenesta skal bli betre ved at det blir oppretta nye fagstillingar der behovet er størst. Målet er å redusere ventetida og jamne ut tenestetilbodet mellom regionane.
Familievernet gjev årleg tilbod til over 30 000 par og familiar. Hovudtyngda av klientane er par som søkjer hjelp i samband med samlivskonfliktar eller kriser. Familievernet utfører også mekling mellom foreldre før separasjon eller rettssak.
-Det er viktig med eit moderne familievern som er tilpassa alle familiekonstellasjonar. Familievernet skal utviklast for å gje treffsikre tilbod til minoritetsetniske familiar, til homofile og lesbiske familiar og til familiar med voldsproblematikk, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.
I internasjonal målestokk har Noreg eit familievern med høg fagleg kvalitet som resultat av ei bevisst satsing gjennom dei siste femti åra. Tenesta er bemanna på spesialistnivå og tilbyr gratis hjelp til å løyse samlivs- og familieproblem. Målet er å dempe fastlåste konfliktar mellom foreldre, førebyggje samlivsbrot og redusere uheldige konsekvensar av brot for vaksne og barn.
-Eg ønskjer å styrke familievernet for å tryggje barna ved samlivsbrot og redusere konfliktnivået. Tall på handsama saker og meklingar har lenge auka, så det er viktig at det tilførast fleire ressursar for at vi skal kunne oppretthalde eit godt tilbod til alle som ønskjer det, seier statsråd Huitfeldt.
Ytterlegare 2 millionar kroner vert foreslått øyremerkt for å auke behandlingskapasiteten i familievernet for valdelege menn. I tillegg er det sett av 1 million kroner for å fremje kompetanse til meklarane om at både mor og far er likestilte foreldre.