Historisk arkiv

Budsjett 2009:

Styrking av tilbodet til endå fleire einslege, mindreårige asylsøkjarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Regjeringa gjer framlegg om å styrkje arbeidet med einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år med 325,8 millionar kroner over Barne- og likestillingsdepartementet sitt budsjett.

Regjeringa gjer framlegg om å styrkje arbeidet med einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år med 325,8 millionar kroner over Barne- og likestillingsdepartementet sitt  budsjett.

Tilstrøyminga av barn har vore langt høgare enn prognosane tilsa då statleg, regionalt barnvern overtok omsorgsansvaret i 2007. Frå ein opprinneleg prognose på 30 barn per år, reknar vi no med at statleg regionalt barnevern i 2008 og 2009 vil ha ansvaret for om lag 200 einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år i fasen frå dei kjem til Noreg og fram til busetting eller retur til heimlandet. I tillegg til Eidsvoll omsorgssenter, har det vore naudsynt å opprette eitt nytt senter i Skiptvet i år. Det planleggjast endå fleire nye omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år i 2008 og 2009.
 
Regjeringa har parallelt arbeidd med å førebu eit tilbod gjennom statleg regionalt barnevernet for aldersgruppa 15-18 år. Målet var å overta omsorgsansvaret for denne gruppa i løpet av 2009. Sidan desember 2007 har prognosane på einslege, mindreårige asylsøkjarar 15-18 år som kjem hit til landet auka frå 150 til 600. Dette gjer reforma meir krevjande å gjennomføre.

-Regjeringa må prioritere å gjennomføre reforma for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år i 2009 på ein god måte.  Det er ikkje praktisk mogleg eller fagleg forsvarleg å etablere plassar i barnevernet for dei eldste barna i 2009. Det ville ha kravd at vi etablerer meir enn 20 nye omsorgssenter i tillegg til dei vi skal etablere for einslege, mindreårige asylsøkjarar under 15 år, seier barne- og likestillingsminister Anniken Huitfeldt.
 
Regjeringa vil framleis arbeide for at statleg, regionalt barnevern skal overta ansvaret for einslege, mindreårige asylsøkjarar 15-18 år.

- Regjeringa vil i 2009 styrkje det eksisterande tilbodet til einslege, mindreårige asylsøkjarar 15-18 år i mottak. Midlar skal gå til å auke talet på tilsette ved mottaka og til å styrkje aktivitetstilbodet. Støtte til barnevernet i kommunar med asylmottak som har spesielle utfordringar er noko regjeringa vurderer. For å sikre at rettane til de einslege, mindreårige asylsøkjarane blir teke vare på, har regjeringa gjort framlegg om å løyve midlar til opplæring og rekruttering av hjelpeverjer, seier Anniken Huitfeldt.