Historisk arkiv

Norske innspel til EUs fiskerireform

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

<p>Noreg deltok tysdag 16. juni i ein paneldebatt om framtida for den felles fiskeripolitikken i EU. Debatten vart innleia av fiskerikommissær Joe Borg, og samla miljøvernarar, fiskarinteresser, medlemsland - og Noreg.</p>

Debatten tok utgongspunkt i grønboka om reformen av EUs felles fiskeripolitikk og den påfølgjande konsultasjonsprosessen som vart lansert i april i år. Grønboka er eit forsøk frå EU på å få til omfattande endringar i fiskeripolitikken. Den fastslår at EU på dette feltet ikkje har lukkast, spesielt med tanke på at det blir færre fisk i havet og at overkapasiteten i EUs fiskeflåte aukar.

Grønnbok om reform
- Grønboka har gitt oss mykje støtte frå medlemslanda, medieinteressa har vore stor, og i desse dagar mottek vi tilbakemeldingar på dokumentet. Den komande revisjonen vil ikkje representere ei reform, men eit kvantesprang, hevda fiskerikommissær Joe Borg under debatten tysdag.

Fiskerikommissæren drog vidare fram at det er viktig å auke produktiviteten i EU-hava dersom ein skal kunne tilby sunn og bærekraftig mat til dei europeiske forbrukarane. Per i dag er ressursgrunnlaget i Europa langt frå nok, og unionen importerer i dag 2/3 av fisken sin.

Sett med miljøvernarane sine auge
For miljøvernorganisasjonane er ikkje ressursforvaltinga til EU noko å skryte av. Organisasjonen PEW sette fokus på dei fundamentale problema i verdshava og særleg i Europa, og hevda at overfiske berre er eitt av fleire problem for miljøet i havet. Klimaendringar, kjemiske utslepp og truga artar gjev samla eit negativt bilete. Viktigst for organisasjonen er at både beslutningstakarar og næringar innser at bærekraft i naturen må til for å kunne sikre bærekraft på det sosiale og økonomisk plan.

- EU har ikkje noko å vere stolte over når det gjeld havmiljøet. Unionen har ein av dei største fiskeflåtane, og er den største økonmien i verda. Kven skal kunne gjere noko om ikkje EU? Det er mykje prat om miljø i Europa, men det blir ikkje gjort mykje for miljøet i havet, var beskjeden frå Uta Bellion i PEW.

Den norske erfaringa
Den felles fiskeripolitikken omfattar ikkje Noreg, men medlemslanda i EU. Like fullt påverkar EUs fiskeripolitikk Noreg på fleire måtar då EU og Noreg delar på å forvalte ein del fiskeartar som beveger seg mellom farvatna, og vidare sidan norske fiskarar opererer i EU-farvatn og europeiske fiskarar i norske områder. Over fleire år har ressursgrunnlaget i desse områda gått ned. Ein god fiskeripolitikk i EU vil såleis medføre direkte positive konsekvensar også for Noreg.

Noreg har dei siste femten-tjue åra arbeidd for å sikre eit meir bærekraftig fiske, mellom anna gjennom å sikre eit betre forhold mellom ressursar og kapasitet. For Noreg er ein bærekraftig fiskeripolitikk også at fiskarane tener pengar, sidan dei gjer store investeringar som i det vidare krev inntening. Skal ein beskytte regelverket må ein også sikre eit system der fiskarane kan overleve på dei ordningane som er tilstades.

Effektiv kontroll avgjerande
Fiskerikommissæren omtalar Noreg som ein nøkkelsamarbeidspartnar i kontrollen med og kampen mot ulovleg fiske. Noreg oppmuntrar EU til betre regulering av haustinga av fisk, slik at ein hindrar oppfisking av yngel, og heller fiskar eldre og større fisk. Vidare er eit forbod mot all utkast av fisk sentralt.

Europakommisjonen deler dei norske bekymringane når det gjeld utkast av fisk. Som eit første skritt mot utkast i EU-farvatn har EU innført forbod mot ”highgrading”, det vil seie å kaste ut lovleg fanga fisk for å maksimere verdien av kvoten. Noreg legg vidare stor vekt på overvaking til havs, og meiner dette er viktig for å sikre at reglane vert etterlevd. I Noreg opererast det med fangstkvotar, medan EU på si side har landingskvotar. Slik sett kan ein seie at det i Noreg er ulovleg å ta opp fisk ein ikkje har kvote på, medan det i EU er forbode å ta den med til land, noko som i praksis betyr eit utkastpåbod for slik fisk.

Noreg har investert mykje i kontroll til havs og har ei aktiv kystvakt som utfører nærare 2 000 inspeksjonar kvart år. Frå norsk side meiner ein at fiskerikontroll bør utgjere ein viktig del i ein reformert fiskeripolitikk i EU.

Fiskerikommissær Joe Borg si innleing til debatten finn du her.

EPC sin rapport frå arrangementet finn du her.