Historisk arkiv

Svensk-norsk statsministermøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Statsminister Jens Stoltenberg besøkte måndag Sverige og statsminister Fredrik Reinfeldt. På dagsorden stod det innkomande svenske EU-formannskapet og dagsaktuelle utanrikspolitiske spørsmål.

- Noreg og Sverige har eit nært forhold, men det er første gong eg møter Sverige som innkomande formannskapsland i EU, sa Jens Stoltenberg på pressekonferansen etter møtet.

Norske regjeringar har tradisjon for å besøke det innkomande formannskapet i Rådet for Den europeiske union. På agendan stod det komande svenske formannskapet og fleire av utfordringane ein står overfor den komande tida, herunder mellom anna den versdomspanande finanskrisa og vegen fram mot ein binande klimaavtale i København i desember. I tillegg vart aktuelle utanrikspolitiske spørsmål berørt, herunder eksempelvis situasjonen i Iran.

Vegen mot København
Sverige går eit viktig og utfordrande halvår i møte når dei frå 1. juli overtek rolla som formannskapsland i EU. Det har nettopp vore val på nytt Europaparlament, ein ny Europakommisjon skal på plass, og det er usikkerheiter knytt til framtida til Lisboatraktaten. Vidare vert den internasjonale økonomiske krisa og utfordringar med arbeidsløyse, samt førebuingane fram mot klimatoppmøtet i København viktige saker.

- Vi står nært kvarandre i syn og kjem til saman til å vere pådrivarar for å få i stand globale svar på klimakrisa, sa statsminister Fredrid Reinfeld.