Historisk arkiv

Uken som var – uke 25

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Ein lukkeleg ire, ein smilande kommisjonspresident og sinte bønder. Dette og meir merka vi oss i uken som var.

Det var toppmøte i Brussel torsdag og fredag. Også talet på traktorar var på topp desse dagene, med rundt 500 bønder til traktors i Brussels gater for å protestere mot prisen på mjølk. Sei det med blomster seier nokre, medan andre seier det med traktor. Og brennande bildekk. Rådsmøtet for landbruks- og fiskeriministrane i Luxembourg denne veka er neste stopp. Sjå opp for kødannelse på motorvegen…

Kommisjonspresident José Manuel Barroso har grunn til å smile om dagen. På toppmøtet denne veka fekk han ei politisk støtteerklæring frå stats- og regjeringssjefane for ein ny femårsperiode. Sosialdemokratane og Dei Grøne Europaparlamentet heng meir med geipen, og er skuffa over vedtaket. Det er Europaparlamentet som skal godkjenne kommisjonskollegiet i si heilheit, og det ligg no an til at sosialdemokratane, dei grøne og dei liberale kan kome til å utsetje ei avstemning til september. (European Voice / EUobserver

Ein annan som er glad er Irlands Taioseach Brian Cowen som fekk gjennomslag for unntak frå Lisboatraktaten før haustens irske folkeavstemning. Den irske regjeringa krev eit sett garantiar med hensyn til irsk suverenitet på områda for forsvar, skatt og abort, og fekk på toppmøtet gjennomslag for dette, på ein måte som ikkje skal påverke ratifiseringa som har skjedd i dei andre medlemslanda. (EUobserver)

Foto: Tor KinsarvikKlar beskjed frå tyske melkebønder: "Vi let oss ikkje "kaputt-byråkratisere!". Foto: Tor Kinsarvik.

I Litauen har parlamentet vedteke ei lov som gjer informasjon om homoseksualitet forbode, både i skulen og andre stader der ungdom oppheld seg. Alt snakk, all diskusjon og eventuell utdeling av informasjon vert dermed forbode. Så har altså lova om beskyttelse av mindreårige mot den skadelege effekten av offentleg informasjon fått eitt tillegg. Men ifølgje eit konservativt medlem av parlamentet i landet er ikkje lova meint å skulle verke diskriminerande. Taushet er med andre ord gull i Litauen? (Politiken)

Forslaget om å tillate rosévin laga som ei blanding av kvit og raudvin vart mandag i forrige veke droppa av Kommisjonen. Avgjerda vart motteken med begeistring frå franske og italienske vinprodusentar, som frykta at kvaliteten skulle bli svekka. Målet med forslaget var i utgangspunktet å tillate ein forenkla og billigare måte å lage rosé på, for at EUs skulle bedre si konkurranseevne i høve til billigare importerte variantar. Rosésesongen er i gang, og sommarsalget vil vise om forbrukarane set (auka) pris på avgjerda... (Vinforum.no)