Historisk arkiv

Giske møtte EU sine næringsministrar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Tema for møtet var korleis moglegheitene i det digitale indre marknad kan utnyttast betre til fordel for bedrifter og borgarar.

Nærings- og handelsminister Trond Giske deltok på industri- og indre marknadsdelen av EU sitt uformelle konkurranseevnerådsmøte i København 3. februar.

Kommissær for indre marknad og tenester, Michel Barnier og kommissær for digital dagsorden, Neelie Kroes haldt innlegg om kva Europakommisjonen gjer for at kjøp og sal av digitale varer og tenester skal vere enkelt og trygge. Næringsministrane drøftet kva som er dei viktigaste hindera for auka bruk av digitale løysingar, og korleis desse kan fjernast. Det vart også innlegg frå bedrifter som har teke i bruk innovative digitale løysingar i verksemda si.

Bakgrunn
Rådet for Den europeiske union er det sentrale vedtande og lovgivande organ i EU. Formannskapet i Rådet går på rundgang mellom EU sine medlemsstatar. Danmark overtok formannskapet i EU 1. januar 2012. Den danske formannskapsperioden varer til 30. juni 2012.