Historisk arkiv

Ministermøte for ein ambisiøs klimaavtale

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell deltok måndag på eit uformelt ministermøte i lag med andre land som vil vere pådrivarar for ein ambisiøs klimaavtale. Møtet fann stad i Brussel med EUs miljøkommissær Connie Hedegaard som møteleiar.

Dette var første gong ministrane i den såkalla Durbanalliansen var samla etter klimamøtet i Durban. Alliansen består mellom anna av EU, Noreg, Sveits, nokre av dei fattigaste u-landa og nokre av dei små øystatane som vert mest råka av klimaendringane.

- Dette er startskotet for kva vi skal få til etter Durban. Her samlast pådrivarane for å få til ein god ny klimaavtale. Noreg er ein naturleg  del av denne alliansen, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Vedtaket i Durban slår fast at det skal etablerast ein ny klimaavtale innan 2015 som skal tre i kraft i 2020. Kyotoprotokollen får ein ny forpliktingsperiode.

- Det blir krevjande å få til ein ny avtale i 2015. På vegen dit skal det vere klimatoppmøte i Doha der vi skal bli einige om ein ny forpliktingsperiode i Kyotoprotokollen. Det er viktig å vidareføre det gode samarbeidet frå Durban inn i forhandlingane om den nye avtalen, seier Bård Vegar Solhjell.

Se bilder fra rundebordskonferansen på EU-delegasjonens Flickr-side.