Historisk arkiv

Frå "Mr. Nobody" til "Årets europear"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

<p>Kommisjonens president har markert EU i miljøsaka. Han vart presentert som "Mr. Nobody" av britiske medier, men blei "Årets europear" to år etter. Politisk starta han si karriere i ei maoistisk studentrørsle, og blei konservativ statsminister i Portugal. Denne veka er José Manuel Barroso i Noreg. </p>

Det er i første gong ein sittande president i Kommisjonen er i Noreg. I går var José Manuel Barroso i Oslo for å delta på Utanriksdepartementets årlege Europakonferanse, der han saman med utanriksminister Jonas Gahr Støre innleia om klimaendringar og energitryggleik. I dag er han på Svalbard, saman med statsmininister Jens Stoltenberg.
 
Politisk bakgrunn: Barroso var politisk aktiv frå tidleg 1970-tal, og var i studietida ein av leiarane i maoist-undergrunnspartiet MRPP. I ettertid har han forsvart seg med at det var for å kjempe imot den andre studentrørsla, som var kontrollert av Kommunistpartiet. Under revolusjonen var det knapt nokon som kjempa mot diktaturet, som ikkje først hadde engasjert seg på yttarste venstre fløy.

I følgje Financial Times kjøpte han sin første flybillett på 1. klasse i 1980, då han i all hast skulle delta i gravferda til statsminister Fransisco Sá Carneiro. Nokre dagar etter tok han og kona avstand frå si maoistiske fortid og meldte seg inn i sentrum-høgre-partiet PPD (Democratic Popular Party), seinare det samanslåtte partiet PPD/PSD (Social Democratic Party).

I 1985 vart han for første gong vald inn i parlamentet. Portugals sittande president Anibal Cavaco Silva blir skildra som den viktigaste for Barroso si karriere. I Silvas regjering (1985-1995) vart Barroso statssekretær i innanriksdepartementet, og han var statssekretær for utanriks- og utviklingssaker i utanriksdepartementet frå 1987 til 1992, då han vart utanriksminister. Barroso er framleis oppteken av utviklingspolitikk. Under Portugals første EU-formannskap i 1992 var han koordinator for EUs delegasjon på FN-konferansen om miljø- og utvikling i Rio de Janeiro.

Utanriks er han mest kjent for fredsavtalen han var ansvarleg for å forhandle fram i Angola, som for ei periode fekk slutt på borgarkrigen der. Han støtta også sjølvstendekampen på Aust-Timor. PSD tapte valet i 1995, men fire år seinare valde PSD han til partiformann.

"Eg veit eg blir statsminister, eg veit berre ikkje når". Hans eigen spådom frå 2001 gjekk i oppfylling året etter, han vart han den yngste statsminister i EU, før han hadde fyllt 46 år. Det skjedde etter at PSD gjekk i koalisjon med høgrepartiet Portuguese People's Party. Som statsminister tok han ei rekkje vanskeleg avgjerder og strenge reformgrep for å redusere eit veksande underskot på statsbudsjettet, og vart upopulær på venstresida.

Akademisk karriere: Barroso er jurist, har ein MSc i statsvitskap og ein diplom i europeiske forhold frå Geneve, og har elles studert og undervist ved Universitetet i Lisboa, Columbia University (NY), Georgetown University (Wash.), i Luxembourg og Firenze. I Lisboa var han avdelingsdirektør for internasjonale forbindelsar ved Lusíada Universitet.

"Mr. Nobody"? Barroso vart Kommisjonspresident i 2004, kom inn som eit kompromiss i 11. time - ein kandidat som alle (inkl britane) kunne akseptere, og eit nokså ukjent namn internasjonalt. Under høyringa i Europaparlamentet vart han spurt kvifor nesten ingen hadde høyrt om han: "Portugisarar blir som regel berre kjende utanfor eige land når dei rotar det til." Utspørjinga varte i nærare tolv timar, og han skifta mellom å svare like flytande på portugisisk, fransk, spansk og engelsk. PES-formann Poul Nyrup Rasmussen meinte Barroso hadde sagt "alle dei riktige orda vi likar å høyre", men ikkje levert nok sterke forpliktelsar. Hans opprinnelege mannskap møtte sterk motstand i EP, og først etter at to av medlemane vart bytta ut (Buttiglione og Udre) og Lászlo Kóvacs blei flytta, blei Kommisjonen godkjent.

Det er allment kjent at han har ambisjonar om gjenvalg i 2009, han kan og vere aktuell som president i Rådet. Elles seiest det at han likar fotball, jazz og klassiske filmar.

I 2003 var han vertskap for det sterkt mediefokserte toppmøtet mellom Bush, Blair og Aznar på Azorane, rett før angrepet på Irak. Barroso snakkar lite om at han støtta invasjonen, men seier årsaka var (dei feilaktige) opplysningane om Iraks kjernefysiske våpen.

I november 2006 vart han kåra til "Årets europear" av European Voice.