Historisk arkiv

Årsrapport frå ESA

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

<p>ESA publiserte 24. februar sin årsrapport for 2008. Rapporten viser at det i fjor vart sendt fleire grunngjevne uttalelsar enn nokonsinne.</p>

EFTAs overvakingsorgan (ESA) publiserte 24. februar sin årsrapport for 2008. Rapporten viser at det i fjor vart sendt mange formelle opningsbrev frå ESA, og det kom fleire grunngjevne uttalelsar enn nokonsinne. Ifølgje ESAs pressemelding skuldast dei høge talet i stor grad manglande gjennomføring på Island.

I 2008 tok ESA viktige avgjerder på energi- og miljøfeltet, blant anna ved å gje tillatelse til den norske stat si deltaking i karbonfangst og –lagring på Mongstad. Fullskala fagst og lagring på Kårstø vart godkjent tidleg i 2009. Desse prosjekta vert sagt å ha viktig miljømessig betydning.

ESA klarte i 2008 å redusere talet på eldre saker. Ved inngongen til 2009 verserte 619 saker, 46 færre enn året før. Talet på klager har i følgje ESA halde seg stabilt, og éin fjerdedel av sakene har bakgrunn i slike klager.

Klikk her for rapporten i fulltekst (pdf-fil)