Historisk arkiv

Gjer ein forskjell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

<p>- Det er ei bekvem myte for enkelte at det ikkje går an å påverke, seier Åsa Westlund. I juni stiller ho til val til Europaparlamentet for andre gong.</p>

Åsa Westlund frå Hanige i Stockholms län har vore europaparlamentarikar for sosialdemokratane sidan 2004. I valet i 2004 stod ho på sjuande plass, men ho vart vald inn ettersom nesten 42 000 personar kryssa av ved hennar namn.

Partigruppa ho er del av, den sosialdemokratiske partigruppa (PES), er den nest største gruppa i Europaparlamentet, med 217 seter i inneverande periode. Alle land i EU er representert i partigruppa, forutan Latvia og Kypros. Våre nordiske naboar, Sverige, Danmark og Finland, har høvesvis fem, fem og tre parlamentarikarar i gruppa.

Påverkar EU-lovgjevinga
- To område eg har arbeidd med denne mandatperioden er klima- og kjemikaliepolitikken. Eg vil halde fram å arbeide for eit betre miljø, for å kjempe mot klimakrisa og for å få bort giftstoff i maten og kleda våre. Eg vil fortsetje å presse på for ein meir generøs bistandspolitikk, samt arbeide for fleire arbeidsplassar, seier Westlund. Ho meiner det er gode sjansar for å få gjennomslag for meiningane sine i EU-systemet.

- Det er ei myte at det ikkje går an å påverke saker. Dette er ei bekvem myte for enkelte. Men det går an å endre meir enn ein trur om ein berre er budd på å tru på ideane sine og sidan arbeide for dei, seier ho.

- I desember 2006 fekk EU verdas absolutt beste kjemikalielovgjeving, og eg var ein av dei representantane som arbeidde med å få lovgjevinga på plass. Lova inneber at eit tydeleg ansvar blir lagt på industrien for å hente inn data om kjemiske stoff, samt gjere risikovurderingar og føreslå tiltak for å handtere denne risikoen. Eg dreiv særskilt med spørsmål knytt til det såkalla ”substitusjonsprinsippet”, som inneber at farlige kjemikalier skal erstattast med mindre farlege alternativ når dette er mogleg.

Viktig med ambisiøse klimamål
- EUs klimapakke var eit steg framover, men eg tykkjer det er synd at EU ikkje allereie frå starten set ambisjonen til å minske utsleppa med 30 prosent. Eit slikt tiltak ville vise globalt leiarskap og sende eit tydeleg signal til dei internasjonale klimaforhandlingane, forklarar Westlund, som meiner at godt klima er god økonomi.

- For Sverige sin del er sosialdemokratane sin ambisjon å minske utsleppa med 40 prosent innan 2020. Denne ambisjonen kviler på ei overtyding om at det finst store økonomiske og sosiale gevinstar å hente frå ei rask minsking av utsleppa. Prisippet er at det ikkje er den som er sist ut av fossilsamfunnet som er vinnaren, men den som er først ute!

Ho trur endeleg at arbeidsplassar og miljø vil stå sentralt dei neste fem åra.

- I den komande mandatperioden er arbeid og miljø viktigast. Eg kjem til å arbeide for ein ambisiøs klimapolitikk, investeringar i framtidas miljøteknologi, nye grøne arbeidsplassar, sikrare bruk av kjemikalier og ei omfattande omstilling til eit bærekraftig samfunn, avsluttar Westlund.