Historisk arkiv

CO2-lagringas far

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

<p>- Det var i 1986 ideen om lagring av CO2 dukka opp, fortel Erik Lindeberg ved SINTEF Petroleumsforskning. Starten på det som i dag er omtalt som CCS oppstod på ein hyttetur for over 20 år sidan. I dag vert sjefsforskaren ved SINTEF i Trondheim gjerne kalla CO2-lagringas far.</p>

CCS står for Carbon Capture and Storage, og kan bli eit sentralt verkemiddel i kampen mot global oppvarming. Slik karbonlagring føregår allereie på Sleipner-feltet, der Statoil skil ut CO2 frå naturgassen og pumpar den ned i sandsteinsformasjonen ein kilometer under havbotnen.

Utgangspunktet for forskninga som la grunnlaget for dette, dukka først opp hos Erik Lindeberg, då han fekk besøk av kollega Torleif Holt på hytta i Sverige for over 20 år sidan. Allereie i 1977 hadde Cesare Marchetti lansert lagring av CO2 i havet for å redusere klimaproblemet, men den metoden gjev ikkje noko permanent løysing.

Besøket på hytta medførte mykje fagprat, som sidan resulterte i ein prosjektsøknad med temaet "gasskraftverk med CO2-håndtering". Eit par år etter gjorde dei eit første prosjekt for Statoil, der dei kobla auka utvinning av olje, CO2-lagring og klima. Teknologien hadde delvis vore i bruk i USA, for å få meir olje ut av reservoara på land.


Illustrasjon: SINTEF/Gemini.

SINTEF-forskarane føreslo eit offshore gasskraftverk som kunne produsere nok CO2 til å auke oljeproduksjonen dersom den blei injisert. Fagrørsla var raskt på banen, sidan det låg an til nye arbeidsplassar. Miljøorganisasjonane stilte seg sjølvsagt bak ideane frå forskarane. Men Lindeberg er ikkje i tvil om at CO2-avgifta, innført av Syse-regjeringa i 1990, var den utløysande faktoren for at CO2-lagring skulle bli realisert.

- Det var få som ville høyre snakk om CO2-lagring i starten, minnest Lindeberg: - Næringslivet var imot, og mottakinga var heller lunken.

Då CO2-avgifta vart innført, vart Sleipner på nokre månader lønsamt. Regjeringa la seg på det avgiftsnivået som var rekna ut i ein rapport frå SINTEF. Industrien trengte ei økonomisk drivkraft for å ta miljøansvar: - Før brann oljeselskapa 2 milliardar kubikkmeter gass på fakling, etter avgifta vart dette mengda halvert, fortel Lindeberg. 

Nordsjøen eignar seg godt til lagring, der har reservoara eit leirskiferlag på toppen som forsegla gassen og held den på plass. Det største problemet med lagring er korleis ein kan vere sikker på at gassen ikkje slepp ut i atmosfæra igjen.

Akkurat no er SINTEF-forskaren oppteken av korleis ein på best måte skal overvake gassen som blir sprøyta ned i grunnen, og finne dei mest følsomme monitoreringsmetoden. Eit stort laboratorium under planlegging i Brumunddal i regi av Gassnova, statens senter for gasskraftteknologi. Her skal CO2 førast ned i avsetningsbergartar for å studere i detalj korleis gassen oppfører seg. På dette viset kan ein også få testa måleutstyret.