EØS-midlane: 300 millionar til tsjekkisk kulturarv
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Europaportalen
Nyhet | Dato: 25.02.2009 | Sist oppdatert: 28.06.2012
Tsjekkia, som dette halvåret har formannskapet i EU, er ein av dei største mottakarane av EØS-midlar. Landet er svært rikt på europeisk kultur og historie, og den norske stønaden går mellom anna til prosjekt for å ivareta viktige delar av kulturarven.
Med om lag ein milliard kroner øyremerka prosjekt og fond i Tsjekkia, er landet ein av dei store mottakarane av EØS-midlar. Nesten ein tredel av pengane går til kulturarvprosjekt.
Bevaring av europeiske kulturminne
Sentralt plassert i Europa sin midte, er Tsjekkia eit land med enorme historiske og arkitektoniske skattar, frå gotiske kyrkjer til renessanseslott og palass frå barokken. Gjennom EØS-midlane støtter Noreg opp om heile 50 ulike kulturarvprosjekt i Tsjekkia med over 300 millionar kroner. Fleire av desse prosjekta omfattar bygningar som står oppført på verdsarv-lista til UNESCO, samt ei rekkje andre bygg av stor historisk og kulturell verdi. Slik er Noreg med på å ta vare på sentrale deler av tsjekkisk og vår felles europeiske kulturarv. Dette kjem også norske turistar til gode, over 100 000 nordmenn besøker Tsjekkia kvart år.
Tilskotet frå EØS-midlane har vore med på å setje søkjelyset på kulturarvsektoren i Tsjekkia, både i høve til lokale og nasjonale styresmakter. Prosjekta Noreg støttar, syner korleis bidrag til kulturarvsektoren kan verte ei kjelde til kunnskap, opplevingar og verdiskaping, mellom anna gjennom sysselsetjing og auka turisme.
Med stønad frå EØS-midlane skal delar av det historiske slottet Mikulov gjennom omfattande renovering.
Foto: Utenriksdepartementet
EØS-midlane har også opna opp for tsjekkisk-norsk samarbeid på kulturfronten. Til no er 16 prosjekt med norsk samarbeidspartner godkjende under midlane, og mellom anna samarbeider Norsk Håndverksutvikling på Maihaugen med Wallachia utandørsmuseum i Aust-Tsjekkia i eitt av desse prosjekta.
Tilskot til helse og sivil sektor
Helse og barnevern er eit anna sentralt innsatsområde i Tsjekkia, og ei rekkje tsjekkiske sjukehus mottek i dag stønad frå EØS-midlane. Mange av desse omfattar barnehelse, frå behandling av for tidleg fødde, til førebyggjing og behandling av smittsame sjukdomar. Over 30 helseprosjekt til ein verdi av nærare 20 millionar euro har vorte godkjende hittil.
I 2006 oppretta EØS-midlane også eit fond for frivillege organisasjonar (NGO-fond) på ti millionar euro i Tsjekkia. Fondet har vorte møtt med stor interesse, og har valt å støtte arbeid for menneskerettar og fleirkulturell forståing, minoritetsborn og -ungdom, samt miljøvern. Sidan lanseringa har fondet støtta over 130 prosjekt, og den siste utlysinga til fondet vart nyleg avslutta.
Eitt av prosjekta som støttast av NGO-fondet finn stad i Jihlava, i det Sør-Austlege Tsjekkia, der eit fleirkulturelt senter skal opprettast for å tilby betre utdanning og tenester til minoritetsgrupper. Senteret skal tilby språkopplæring og ulike framsyningar, og målsetninga med prosjektet er å betre integreringa av Roma-folket og andre minoritetsgrupper.
Dette er artikkel nr. 11 i ein serie om EØS-midlane.
Les meir om EØS-midlane og stønaden til Den tsjekkiske republikk på http://www.eeagrants.org/id/1032
Artikkelen er skrevet av Maria Thorsnes og Sigve Soldal Bjorstad i FMO (sekretariatet for EØS-midlane, Financial Mechanism Office).