EØS-midlar til tusen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Europaportalen
Nyhet | Dato: 24.04.2009 | Sist oppdatert: 28.06.2012
EØS-midlane har som mål å bidra til meir likheit i Europa. Ei veke før fristen går ut er over 1 000 prosjekt i femten land godkjent.
EØS-midlane er Noreg, Island og Liechtenstein sitt bidrag til sosial og økonomisk utjamning innan EØS-området. Ei veke før fristen går ut har sekretariatet for EØS-midlane godkjent søknadar for meir enn 1 000 prosjekt til ein verdi av over 1 milliard euro. Innan utgongen av månaden vil rundt hundre prosjekt bli godkjent, noko som medfører at dei samla bevilgningane vil kome opp i om lag 1 150 millionar euro. I tillegg til dette kjem 40-50 prosjekt under dei bilaterale samarbeidsprogramma for Bulgaria og Romania som vert administrert av Innovasjon Norge.
Forhandlar om nye bidrag
Femten land nyt godt av EØS-midlane, Polen er det landet som har motteke støtte til flest prosjekt.Tilskota går i hovudsak til tiltak innanfor sivilt samfunn, kulturarv, miljø og bærekraftig utvikling, helse og barnevern, samt Schengen-tilpasning. Mottakarar av midlane er kommunar, bedrifter, forskings- og utdanningsinstitusjonar, og frivillige organisasjonar i Sentral- og Sør-Europa.
EØS-midlane vart etablert i forbindelse med utvidinga av EØS-området som følgje av EU-utvidinga i 2004, då ti land kom inn i unionen. Tre år seinare vart EØS-området utvida ytterlegare med Bulgaria og Romania. I tillegg til desse landa nyt også Spania, Hellas og Portugal godt av finansieringsordningane. Noreg, Island og Liechtenstein forhandlar no med Europakommisjonen om nye bidrag for perioden 2009-2014.