Historisk arkiv

Europabevegelsen med lokallag i Brussel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Europabevegelsen har no fått ein avleggar i Brussel. Lokallaget vart stifta 1. april, og har som mål å bringe meir kunnskap inn i EU-debatten.

Europabevegelsen sitt lokallag i Brussel vart stifta på årets mest spøkefulle dag. Eit tjuetals nordmenn møtte opp for å velje styre for jasida sitt alibi i Brussel, seksti år etter etableringa av Europabevegelsen. På laget sitt første årsmøte, vart Finn Myrstad frå Florø vald som leiar. Myrstad har tidlegare vore aktiv i Europeisk Ungdom, og var leiar for organisasjonen frå 2005-2007.

Finn Myrstad er den første leiaren i Europabevegelsen sitt lokallag i Brussel. Han meiner det er viktig å bringe den europeiske dimensjonen inn i den norske politiske debatten. Foto: Bjørn Tore Erdal.

Kunnskap og arrangement
Lokallaget i Brussel ynskjer å ha eit todelt fokus. Medlemane ynskjer å vere eit kunnskapsledd tilbake til Europabevegelsen i Noreg, samtidig som dei har som mål å vere regissørar for faglege og sosiale tilstelningar i Brussel.

- Vi ynskjer å samle norske EU-tilhengjarar som til ei kvar tid oppheld seg i Brussel, samt å bidra med kunnskap og erfaring frå EU i den norske europadebatten, seier Finn Myrstad.

- Det er viktig å bringe den europeiske dimensjonen inn i den norske politiske debatten, spesielt i eit stortingsvalår, då mesteparten av vedtaka som vert fatta i EU også har betyding for Noreg. I tillegg skal det i år også vere val av kven som skal sitje i Europaparlamentet, samt at EU, under svensk leiarskap i haust, vil få ein nøkkelrolle i å løyse klimakrisa fram mot og under klimatoppmøtet i København.

Ynskjer lukke til
- Eg vil ynskje dei lukke til, men eg trur ikkje at eit lokallag i Brussel bringer jasida noko lenger i forhold til den norske opinionen, seier leiar i Nei til EU, Heming Olaussen.

Leiaren for neisida trur ikkje ein vil sjå eit lokallag for Nei til EU med det første, og meiner vidare at det gode kontaktnettet dei allereie har i Brussel representerer eit godt grunnlag for arbeidet deira i Noreg.