Historisk arkiv

- Meir plass til kvinnene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Svenske Eva-Britt Svensson er viseordførar i kvinnekomiteen i Europaparlamentet, medlem i komiteen for det indre marked og forbrukarbeskyttelse, samt varamedlem i komiteen for borgarrettar, justis- og innanrikssaker. Hennar ynskje for årets Europaparlamentsval er å få fleire kvinner og venstrepolitikarar blant europaparlamentarikarane.

Eva-Britt Svensson frå det svenske Vänsterpartiet har vore medlem i Den Europeiske Venstrefløys Konføderale Gruppe/Nordisk Grønne Venstre i Europaparlamentet sidan 2004. Partigruppa består i inneverande periode av 41 europaparlamentarikarar frå 17 parti frå 13 land. For enkelheits skuld blir partigruppa gjerne omtala som det ”foreinte venstre”, eller ein brukar forkortinga GUE/NGL. Alle partia som er medlemer i partigruppa er motstandarar av Lisboatraktaten, og felles for dei er også eit ynskje om å styrkje lønstakarane sine rettigheiter.

Svensson har lang fartstid frå EU-politikken. Frå 1992 til 2001 var ho leiar i Nei til EU i Sverige, og ho har sidan vore nestleiar i organisasjonen. Ei av hjartesakene hennar er at fleire grupper skal bli meir synlege i EU-systemet. Ifølgje Svensson syns og høyrest kvinner, arbeidarar, EU-kritikarar og sosialister altfor lite i EU. Derfor tek Växjökvinna gjerne plass på nytt i Europaparlamentet, etter valet i juni 2009.

Svenske Eva-Britt Svensson ynskjer å synleggjere kvinner, arbeidarar, EU-kritikarar og sosialistar i EU-systemet. Foto: Europaparlamentet.

Arbeider for likestilling
- Det er mykje som må gjerast for å sikre meir likestilling i EU. Gubbeveldet rådar framleis i Rådet, i Europakommisjonen, samt i Europaparlamentet der eg arbeider. Og fleire representantar frå tidlegare østblokkland har dessverre ytra meningar som at kondomar er ukristelege ting, at abort skal vere forbode, at kvinner skal stå ved kjøkenbenken, samt at prostituerte ikkje kan bli utsette for valdtekt, seier Svensson.

I 2008 lukkast Eva-Britt Svensson å få med seg Europaparlamentet i synet på at eit einsretta kjønnsrollemønster i reklamar reduserer menneske til objekt, og at dei bidreg til auka utsattheit for vald og krenking. Svensson, som samarbeider med FNs kvinneorganisasjon UNIFEM og organisasjonen sin goodwill-ambassadør Nicole Kidman, arbeider for at Europaparlamentet skal støtte FNs kampanje mot vald mot kvinner.

Ynskjer garantiar for lønstakarane
Svensson er kritisk til fleire av dei seinare domane frå EF-domstolen, som ho meiner gradvis reduserer arbeidstakarane sine rettigheiter. Medan mange ynskte Lavaldomen frå desember 2007 velkomen, var der ingen applaus å høyre frå Eva-Britt Svensson.

- Lavaldomen er ein invitasjon til konkurranse med dårlegare lønsvilkår. EF-domstolen slo fast at lønstakarane ikkje får forsvare prinsippa om lik løn for likt arbeid gjennom streik. Resultatet blir svakara fagforbund og lønsdumping, meiner Svensson.

Sidan EF-domstolen skal dømme etter EU sitt traktatsverk, meiner Svensson at ein må krevje garantiar i traktatene for arbeidarane sine rettigheiter. Ho meiner det som står på spel er hundre år med fagorganisert kamp for rettvis lønn og retten til å streike.

- Dette viser at vi og andre venstrepolitikarar vi Europaparlamentet verkeleg trengst. Vi er veldig aktive og vi gjer ein forskjel, sjølv om det er ein høgremajoritet akurat no. Men vi burde vore endå fleire!

Valet på nytt Europaparlament finn stad 4.-7. juni 2009. Svenskane går til urnene søndag 7. juni.


I anledning valet på nytt Europaparlament i 2009 vil EU-delegasjonen dei komande månadane presentere dei sju partigruppene i inneverande parlamentsperiode, gjennom portrett av europaparlamentarikarar frå våre nordiske naboland.