EØS-midlane - eit norsk fotavtrykk i Europa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Europaportalen
Nyhet | Dato: 16.11.2008 | Sist oppdatert: 28.06.2012
<p>- Gjennom EØS-midlane set Noreg eit viktig fotavtrykk i Europa, sa utanriksminister Jonas Gahr Støre under eit frukostmøte med norske aktørar i Brussel i går. I ein artikkelserie utarbeidd av FMO vil vi dei komande vekene sjå nærare på korleis EØS-midlane blir brukt. </p>
Grensekryssande samarbeid: Med stønad frå Noreg gjennom EØS-midlane er det i det søraustlege hjørnet av Polen etablert eit samarbeidssenter for å fremje kontakt og samarbeid mellom frivillige organisasjonar, bedrifter og kommunar i dei fem landa Polen, Ungarn, Romania, Slovakia og Ukraina. Les meir om prosjektet her.(Foto: The Carpathian Foundation.)
EØS-midlane vart oppretta i samband med EU- og EØS-utvidinga i mai 2004. Dei ti nye medlemslanda frå 2004, Romania og Bulgaria som vart medlemmar i 2007, samt Hellas, Portugal og Spania, utgjer dei 15 landa som mottek til saman € 1,307 milliardar i perioden 2004 til 2009.
EØS-midlane er delt i to ordningar. I den eine, EEA Grants, bidreg Noreg, Island og Liechtenstein som givarar i høve til folketal og BNP. Den andre delen, Norway Grants, er kun finansiert av Noreg. Om ein ser begge ordningane under eitt, bidreg Noreg med om lag 97% eller ti milliardar kroner.
Målsetjinga til EØS-midlane er å redusere sosiale og økonomiske ulikskapar i Europa, samt å styrkje politiske og økonomiske band mellom dei 15 mottakarlanda og Island, Liechtenstein og Noreg. For å nå desse måla støttar midlane opp om prosjekt innan områda miljøvern, helse og barn, ivaretaking av europeisk kulturarv, forsking, justissamarbeid og det sivile samfunn.
Godt inne i EØS-midlane sitt femte og siste år støttar Noreg opp om meir enn 700 prosjekt og fond verdt over € 750 millionar i dei 15 mottakarlanda. Frå energisparing, flomvern og oppussing av barneheimar til samarbeid mot grensekryssande kriminalitet, gir Noreg eit viktig bidrag til å redusere sosiale og økonomiske ulikskapar i EØS-området.
Samarbeidet gir også Noreg høve til å styrkje kontakten og samarbeidet med mottakarlanda. Om lag 20 prosent av godkjente prosjekt har partnarar i givarlanda, og dei aller fleste er frå Noreg. I tillegg er aktørar som Politidirektoratet, Senter for internasjonalisering av høgre utdanning, Den norske Helsingforskomité og Riksantikvaren sentrale i oppfylginga av EØS-midlane innanfor sine område.
Noreg har lagt særskilt stor vekt på at EØS-midlane skal støtte opp om det sivile samfunn i Sentral-Europa. Til saman bidreg Noreg med rundt 660 millioner kroner til dette føremålet, og fond for frivillige organisasjonar (NGO Funds) har no vorte etablert i 12 mottakarland. I ei tid då ei rekkje givarar trekk seg ut av EU sine nye medlemsland, er tilskota frå Noreg ei svært viktig finansieringskjelde for den frivillige sektoren i Sentral-Europa.
EØS-midlane nærmar seg no ein spurtfase. Opne utlysingar for individuelle prosjekt er avslutta i samtlege mottakarland, og 30. april 2009 avsluttast dei noverande EØS-midlane. Innan då skal rundt 500 søknader handsamast av sekretariatet i Brussel, og om lag € 460 millioner tildelast nye prosjekt og fond.
I 2009 og 2010 vil implementering av prosjekt under EØS-midlane vere på topp. Det er venta at om lag 1000 prosjekt og fond vil vere i gong på same tid. I tilegg vil søkjarar fortsatt ha tilgang til støtte gjennom ei rekkje ulike fond som vil ha utlysningar også i dei komande åra. Innan 30. april 2011 skal alle prosjekt og fond være avslutta.
Forhandlingane mellom givarlanda og Europakommisjonen vil avgjere korleis ei ny ordning med tilskot frå dei tre EØS EFTA-landa vil sjå ut. Planen er at ein avtale skal vere på plass 1. mai 2009, når den noverande avtalen utgår.
Les meir om EØS-midlane på www.eeagrants.org