Historisk arkiv

Godt klima for klimasamarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

50 politikarar, forskarar og næringslivsfolk frå 13 land møtes mandag til onsdag denne veka på Svalbard for å dele erfaringar om klimaspørsmål. Høgare utdanningsminister Tora Aasland er vert for Ny-Ålesund Symposiet, og den tyske og indiske forskningsministeren deltar også. 


- Det er mange som snakkar om klimaproblema, men ikkje så mange som diskuterer moglege løysingar, påpeikte den indiske forskningsministeren Kapil Sibal, og fekk kraftig applaus frå forsamlinga under sitt innleiingsforedrag mandag. 

Statsrådene Sibal og Aasland deltok også under åpningen av en ny indisk forskningsstasjon på Svalbard. Foto: Rune Bjåstad, EU-delegasjonen.

Dei problemstillingane symposiet skal drøfte, er korleis forskning og utvikling kan bidra til konkrete løysingar på dei utfordringane klimaendringane medfører. Både norske og internasjonale forskningsinstitusjonar deltek, frå næringslivet deltek internasjonale oljeselskap og store kraftselskap. Her er også representantar frå OECD, WWF, Kina, USA, Nepal og Russland, samt Polen, Tyskland, India og Frankrike. 

I opningstalen peikte statsråd Tora Aasland på at Svalbard er eit unikt gode Noreg kan tilby det internasjonale samfunnet, med høve til både klimarelevant forskning og andre typer polarforskning: - Svalbard er stadig meir ettertrakta som reisemål, både som eit av dei siste uberørte områda, og som ein stad der klimaendringane kan observerast. Det er vår oppgave å sørge for at Svalbard blir utnytta best mogleg, både som forskningsarena og til andre formål, understreka ministeren.

Fleire har trekt fram det vellukka samarbeidet som allereie eksisterer på Svalbard som ein metode som må utnyttast vidare, her deler forskarar frå ulike land og disiplinar datamateriale for å få best mogleg resultat. I Ny-Ålesund har Norge selskap av 10 nasjonar med eigne forskningsstasjonar. India opna sin forskningsstasjon i dag og er førebels den siste i rekkja for sine forskarar i Ny-Ålesund. Japan var det første landet som etablerte ein stasjon her i 1990. 

Det er tredje året denne konferansen blir arrangert, i samarbeid mellom fem departement, Norges Forskningsråd og Kings Bay AS. 

Forskningssjef ved Norsk Polarinstitutt, Kim Holmén, og statsråd Tora Aasland. Foto: Rune Bjåstad, EU-delegasjonen.