Historisk arkiv

Mennesket før markedet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Danske Hanne Dahl er nestleiar i Sjølvstende/Demokratigruppa i Europaparlamentet. Ho meiner politiske beslutningar skal takast så nær borgarane som mogleg, og ynskjer det ho kallar ei ”modernisering” av EU-systemet. Derfor er ho ein av kandidatane som søkjer gjenval ved Europaparlamentsvalet i juni 2009.

Hanne Dahl er medlem av partigruppa Sjølvstende/Demokrati (Independence/Democracy) i Europaparlamentet, som i inneverande periode består av 22 parlamentarikarar frå ni land. Ho er den einaste dansken i gruppa, som også har to svenske parlamentarikarar. Partigruppa, som vart etablert etter førre Europaparlamentsval i 2004, består av det gruppa sjølv omtalar som ”EU-kritikarar, EU-skeptikarar og EU-realistar”. Gruppa er i mot sentralisering av makt, og det britiske medlemspartiet i gruppa er jamvel for at Storbritannia skal trekkje seg ut av EU. Vidare er openheit i EU-systemet eit viktig krav frå partigruppa.

Dahl inntok Europaparlamentet i 2008 då ho overtok setet til Jens Peter Bonde. Ho er busett i Aars i Nordjylland, og har såleis tre adresser, éi i Danmark, éi i Brussel og éi i Strasbourg. I Europaparlamentet sit ho i miljøutvalet, utvalet for Det indre marked, samt forfatningsutvalet.

I valet på nytt Europaparlament i juni er Hanne Dahl førstekandidat for danske ”JuniBevægelsen”, ein  tverrpolitisk bevegelse stifta i 1992. Bevegelsen er i mot at meir makt skal overførast til EU-systemet, og går til val mellom anna med eit ynskje om ein ny traktat for eit ”slankare” EU, i stadenfor den eksisterande Nice-traktaten og den foreslåtte Lisboa-traktaten. Dei ynskjer vidare at EU bør slutte å støtte atomkraft og bruk av fossilt brensel, og heller støtte omstilling til fornybar energi.

Hanne Dahl stiller til val på nytt Europaparlament i juni 2009, som førstekandidat for danske JuniBevægelsen. Foto: hannedahl.eu.

Ynskjer modernisering
Ei av hjartesakene til Hanne Dahl er at hensynet til menneska skal kome føre hensynet til marknaden. Ho meiner at marknaden altfor ofte blir sett høgast, noko som blokkerer for gode lovforslag med hensyn til miljø, helse og velferd. Dahl er på si side ikkje for utmelding av EU for Danmark sin del, men ho meiner bestemt at EU-systemet treng ei ”kraftig modernisering”. Ho er for eit forpliktande europeisk samarbeid, men meiner samarbeidsforma må endrast til eit mindre, betre og ”slankare EU”, med minimumsreglar heller enn totalharmonisering. 

- For meg er det to linjer i EU-samarbeidet eg ser som viktige å endre. Det første gjeld det institusjonelle aspektet. For ein treng ei institusjonell reform av EU. Kommisjonen har for eksempel for mykje makt, og institusjonell reform er noko av det eg arbeider for i forfatningsutvalet i Europaparlamentet.

- Når det gjeld det politiske samarbeidet er eg eining i at det må vere eit forpliktande politisk samarbeid i Europa. Men eg meiner samtidig at dette har gått for langt på enkelte felt. Eksempel på dette er forsvars- og utanrikspolitikken, samt det at fleire politikkområde blir tekne inn i Det indre marked som eigentleg ikkje høyrer heime der, slik som våpenproduksjon, forklarar Dahl.

Forventar tøff valinnspurt
Men korleis kan ein få eit meir demokratisk EU? Dahl nemner eit større og eit meir konkret eksempel.

- Ingen lover bør bli vedtekne utan eit fleirtal av nasjonale parlament eller i Europaparlamentet. Vidare meiner eg at alle avstemningar i Parlamentet bør gjerast elektronisk. Per i dag stemmer ein ved handsopprekning, og ein stemmer berre elektronisk dersom ordførararen er i tvil om resultatet. Ved å stemme elektronisk i alle spørsmål vil ein unngå at stemmer blir talde feil, meiner Dahl.

Hanne Dahl er aktiv i bruken av internett og bloggmediet for å kommunisere med veljarane, og meiner det til ei viss grad er ein god dialog mellom Europaparlamentarikarane og veljarane. Men det er rom for meir.
 
- Når rundt 80 prosent av den danske lovgjevinga kjem frå EU er det klart at det skulle vore meir oppmerksomheit rundt EU-politikken, seier ho.

Medan den overordna trenden er at valdeltakinga i Europaparlamentsvala blir lågare for kvar gong, har oppslutninga ved vala svinga i Danmark. Hanne Dahl forventar likevel ikkje ei voldsom dekning av Europaparlamentsvalet i dansk presse med det første.

- Det tek nok litt tid før det vert interesse for valet, så eg forventar ei rolig oppkøyring, før det sikkert blir meir fokus dei siste tre vekene før valet. Det blir nok ein rolig start og ein hard innspurt, trur Dahl.

Valet på nytt Europaparlament finn stad 4.-7. juni 2009. Danskane går til urnene søndag 7. juni.

 

I anledning valet på nytt Europaparlament i 2009 vil EU-delegasjonen dei komande månadane presentere dei sju partigruppene i inneverande parlamentsperiode gjennom portrett av  europaparlamentarikarar frå våre nordiske naboland.