Historisk arkiv

Tenkjer europeisk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Danske Johannes Lebech sit som medlem i den liberale partigruppa i Europaparlamentet og er medlem i Parlamentets utanrikskomité. Dansken er éin av dei som ynskjer eit sterkt og effektivt EU for å møte utfordringar som ikkje kan løysast nasjonalt.

ALDE (Group of the Alliance of Liberals and Democrats for Europe) er den tredje største partigruppa i Europaparlamentet. I gruppa finn ein hundre parlamentarikarar frå tjueto EU-land. Representantar frå over førti europeiske parti representert, og enkelte medlemer kjempar derfor om stemmer nasjonalt. Det som bind dei saman i Europaparlamentet er mellom anna fortsatt europeisk integrasjon og ytterlegare utvidelsar av Unionen.

Europeisk tankegang
Johannes Lebech er medlem av Parlamentets utanrikskomité, og supplerande medlem i komiteen for miljø, folkehelse og matvarer. Han har tru på det europeiske prosjektet, og meiner EU trengst for å sikre grenseoverskridande utfordringar. Dansken har vore medlem av partiet Radikale Venstre sidan 1980, og frå 2000-2001 var han var dansk kyrkjeminister. Trua på europeisk samarbeid er absolutt til stades, og i perioden 2002-2008 sat han som visepresident i det europeiske liberale partiet, eller European Liberal Democrats (ELDR). Denne våren stiller han til val på nytt Europaparlament, innstilt som nummer 2. på Radikale Venstre si liste. 

Positiv til EU-utvidelse
Lebech høyrer til dei som er positive til utviding av EU, og han ser gjerne landa på Vest-Balkan og Tyrkia som framtidige medlemer av Unionen. Han er vidare positiv til visumliberalisering mellom EU og søkjarlanda, for slik sett å knyte landa tettare saman med landa i EU.

På spørsmål om kva saker som blir viktige i valkampen denne våren, meiner Lebech at ein har ulike tema på dagsorden i Brussel og heime i Danmark.

- Det er viktig å sjå at det finst to ulike europeiske dagsordenar; éin i EU og éin i Danmark. I Danmark dei komande månadane vil det truleg bli diskusjon om dei fire danske forbeholda i EU-samarbeidet (unionsborgarskapet, euroen, forsvarspolitikken, samt rettslege og indre forhold), trass i at dette i og for seg ikkje har noko som helst å gjere med valet på nytt Europaparlament. Også spørsmålet om tyrkisk EU-medlemskap kan kome opp. Vidare kan enkeltsaker, som eksempelvis ”selsaka”, kome til å bli viktige elles i Europa, trur Lebech.

Han trur også at spørsmålet om EU-utvidelse kan kome til å vise seg debattane i månadane framover, herunder Vest-Balkan og Tyrkia.

Danske motstandarar
I tillegg til valkamp heime i Danmark vil Lebech også bruke tida til å reise rundt i Europa og drive valkamp saman med partifrender frå ALDE-gruppa. I anledning valet har Europaparlamentet iverksett ein ny kampanje for å auke bevisstheita om Europaparlamentsvalet. Lebech håpar å kunne bidra med å spre kunnskap til veljarane denne våren.

- Kunnskapen om Europaparlamentet er forholdsvis låg hjå den gjennomsnittlege veljaren, og det er viktig å få fram korleis dei nasjonale representantane i parlamentet gjerne er politiske motstandarar, og at vi sit i ulike politiske grupperingar og kjempar for ulike synspunkt, seier Lebech.

Europapolitikk og kongeleg likestilling
Det er så langt ikkje mykje interesse for valet i dansk presse. I og med at danskane same dag skal stemme om ei endring i grunnlova med hensyn til kjønnsnøytral tronarverekkefølgje i landet, kan det kunne kome til å bli litt ekstra merksemd om valet. Om endringa går igjennom vil den danske trona gå i arv til regentens førstefødte, uansett kjønn.

- No er riktignok Kronprins Frederik og Kronprins Mary sin førstefødte ein gut, men som eit moderne land har ein sett det som viktig å endre grunnlova på dette punktet. Dette kan kanskje skape litt ekstra publisitet om Europaparlamentsvalet også, trur Lebech.

Danskane går til urnene for å kaste seddelen for Europaparlamentsvalet (og for endring av grunnlova) 7. juni.

I anledning valet på nytt Europaparlament i 2009 vil EU-delegasjonen dei komande månadane presentere dei sju partigruppene i inneverande parlamentsperiode gjennom portrett av europaparlamentarikarar frå våre nordiske naboland.