Historisk arkiv

Ti år i Brussel grunna Island

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Med veterinærområdet som den største posten i EØS-avtalen, spelar EFTAs overvakingsorgan (ESA) ei viktig rolle for å sikre trygg mat i EFTA-landa. Norske Ketil Rykhus har arbeidd i snart ti år hjå overvakaren. Og han er glad for tilfeldigheitene som har holdt han så lenge i Brussel. 

- Frå sjø og jord til bord – kort og godt har trygg mat vore jobben min hos ESA, oppsummerer Ketil Rykhus.

Når han til sommaren vender heim til Noreg har han budd ti år i Brussel. Rykhus har sidan 1999 arbeidd for ESA, herunder dei siste tre åra som sjef for mattryggheitseininga (Food Safety Unit). Og sjølv om han på alle måtar har likt jobben, skal tilfeldigheiter og islendingar ha mykje av æra for at det har blitt snart ti år i Belgia.

- Eg byrja i Brussel i juni 1999, og planen var å vere her i ein toårsperiode. Så vart det ti år i staden. Island er nok litt av grunnen til at eg blie litt lenger i utgangspunktet. Når dei måtte reforhandle det første vedlegget til EØS-avtalen som omhandlar veterinære forhold, vart eg tilbudt å forlenge opphaldet.

Oppfordra til å søke
Rykhus er veterinær av yrke, og arbeidde i den norske forvaltninga, mellom anna med oppsetting av grensekontrollpostar i samband med EØS-avtalen før han flytta til Brussel. Og sjølv om han kan seiast å ha ei ”praktisk” utdanning, er det på ingen måte noko nederlag å ha arbeidsplassen sin midt i Brussel.

- Eg kunne like gjerne endt opp som dyrlege og lagt bak meg utallege kilometer på norske landevegar. Og det har eg forsåvidt også gjort i kortare periodar som dyrlege i fleire norske distrikt. Men i forhold til veterinærområdet og mattryggheit er den juridiske biten av faget også utruleg spanande. Og det er ikkje minst eit viktig felt. Det skal ofte ei krise til før folk skjønar kor viktig det er med eit solid regelverk for at maten vi et kvar dag skal vere trygg, seier Rykhus.

Det var langt ifrå ein grundig sonderingsprosess av arbeidsmarkedet som førte Ketil Rykhus til den belgiske hovudstaden.

- Eg visste faktisk ikkje om jobben i utgongspunktet, men vart oppfordra til å søke. Og det er eg verkeleg glad for i dag, for det har vore ti flotte år i Brussel, seier veterinæren.

Trygg mat har vore jobben til Ketil Rykhus dei siste ti åra. Her frå ein inspeksjon av eit oppdrettsanlegg saman med kollega Olafur Valsson (t.h.). Foto: Privat.

Inspeksjonar med Kommisjonen
Ein del reising har det blitt på nordmannen i løpet av ESA-karriera. I Noreg og på Island for ESA, men jamvel i resten av EU saman med Kommisjonen. Dessutan har Rykhus vore med Kommisjonen som ekspert på ei rekkje inspeksjoner i tredjeland. Samarbeidet med Kommisjonen er viktig for å sikra at regelverket blir likt etterlevd i heile EØS-området.

- Å arbeide i lag med Kommisjonen har vore både kjekt og lærerikt på same tid. Det finst utruleg mykje kompetanse på regelverket på området, både innad i EU-landa og i land utanfor EU.

Rykhus kan fortelje at sjølv om ein inspeksjon i regi av ESA tek 1-2 veker varer heile prosessen fleire månader. Det heile startar med at ESA sender ut eit detaljert spørjeskjema med ting dei ynskjer svar på. Sjølve inspeksjonen byrjar med eit møte med myndigheitene som er gjenstand for kontroll, før inspektørane reiser ut for å ta matsikkerheita i augesyn på nært hald. På slike inspeksjonar deltek ofte også ein representant frå Kommisjonen. På desse rundane er det ingen som slepp unna; oppdrettsanlegg, slakteri, gardsbruk, restaurantar, laboratorium, mattilsyn og bedrifter får besøk. Det heile blir avslutta med eit oppsummerande møte og påfølgjande rapportskriving når dei er tilbake i Brussel. Men det er ikkje ”naming and shaming” som er ESA sitt mål.

- Tvert i mot. Vi i ESA er på ingen måte ute etter å gje dårleg omtale til verken bedrifter eller enkeltprodusentar. Vår oppgåve er å undersøkje om dei nasjonale systema for mattryggheit fungerer slik dei skal. Det er myndigheitene som skal sjå til at maten i landet er trygg, og såleis er det dei vi rettar kritikken mot dersom vi finn noko klanderverdig.

- Sjå moglegheitene i ESA
Som overvakingsorgan har ESA som oppgåve å sjå til at regelverket i EFTA-landa er i samsvar med EØS-reglane, og at desse blir etterlevd. På spørsmål om samarbeidet er godt mellom ESA og Noreg svarar Rykhus udelt positivt. Men Noreg kan ifølgje Rykhus bli endå flinkare til å sjå moglegheitene som ligg i ESA.

- Eg har mange utruleg dyktige kollegaer og kompetansen som finst i ESA er ein kjemperessurs. Eg trur såleis at Noreg har mykje å tene på å bruke ESA meir aktivt for å få ei endå betre forståing av regelverket.

For det er snakk om mange reglar. Vedlegg 1 til EØS-avtalen er den største posten i EØS-avtalen, og inneheld såleis eit særs omfattande og detaljrikt regelverk. Det er snakk om meir enn 1 000 rettsakter innanfor veterinærområdet.

Trondheim neste stopp
Rykhus vil sakne mykje frå tida i Brussel, ikkje berre kollegaene i ESA og det internasjonale miljøet, men også dei mange restaurantane og dei gode moglegheitene for sykling. Han anbefalar sterkt sine veterinærkolleger å vurdere ESA som arbeidsplass.

- Det kan vere utfordrande å finne mange godt kvalifiserte EFTA-borgarar i søkjarbunkane til ESA. Det er ein veldig spanande arbeidsplass, og eg håpar fleire vel søke seg hit, seier Rykhus, som sjølv ser fram til nye utfordringar i Trondheimsområdet frå hausten av.

- Fagleg sett er Trondheim ein spennande by, og med nærheten til naturen i tillegg er Trondheim eit svært godt alternativ etter ti år i Brussel.

Men som han seier er det ikkje langt frå Trondheim til Brussel.

- Om ein er i Trondheim og vil til Brussel, må ein riktignok tidleg opp, men det er fullt mogleg å vere på plass på eit møte før klokka er 10 på føremiddagen. Så å jobbe med EU-relevante spørsmål frå Noreg treng ikkje vere noko problem i det heile teke, avsluttar Rykhus.