Historisk arkiv

Tur-retur Brussel

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Med matsikkerheit som ein omfattande post i EØS-avtalen, er Mattilsynet jamnt og trutt i Brussel. – Det er viktig å vere våken og tidleg ute, seier Knut Flatlandsmo, som har delteke på møter med EU-institusjonane i samtlege av avtalens femten leveår.

Knut Flatlandsmo har vore veterinær i over førti år, han har arbeidd i det som no er Mattilsynet i godt over tredve, og han har bakgrunn som seksjonssjef i det tidlegare Landbrukstilsynet. Når EØS-avtalen kom på bana, var han ein av dei i Mattilsynet som vart ansvarleg for å følgje med på den politiske utviklinga i EU. Og sjølv om EØS-avtalen har vist seg levedyktig i desse femten åra, kan ikkje arbeidsmetodane seiast å vere dei same.

- 1994 var eit viktig år med mange endringar, då vi måtte flytte blikket mot Brussel for å følgje med på utviklinga av regelverk som også ville gjelde for oss. Men vi var litt på bar bakke, for når det kom bunkar med direktivforslag den gongen, kunne vi ikkje lene oss på det nettverket vi har i dag. Vidare var det ein overgong å kome frå norske møterom til Brussel og møter leia på fransk med simultanoversetjing, fortel Flatlandsmo.

Nettverket som arbeider med EU/EØS-relevante oppgåver i Noreg, Norden og i resten av Europa, har med andre ord auka jamnt og trutt sidan EØS-avtalen trådte i kraft. Men då, som i dag, er det viktig å følgje nøye med på utviklinga innanfor det europeiske samarbeidet.

Viktig å vere tidleg ute
Flatlandsmo legg vekt på at det er viktig å vere våken og framoverlent for å få fram viktige norske interesser i Brussel. Og etter femten års erfaring med matsikkerheit under EØS-avtalen, har han ikkje problem med å finne eksempel på at norske meiningar har fått gjennomslag i EU-systemet. Dei fleste huskar Tsjernobylulukka i Ukraina i april 1986, som resulterte i radioaktiv nedbør og vidare i at denne radioaktiviteten kom inn i næringskjeda, og gjorde seg gjeldande i fleire år etterpå.

- Dei tilsetningsstoffa vi brukar i fôr i Noreg må vere godkjende i EU. I fleire år etter Tsjernobyl hadde vi, og har framleis, problem med radioaktivitet i Noreg. Ei løysing på dette problemet var at ein kunne tilføre eit stoff som heiter ”Berlinerblått” i fôret til dyr som befant seg i eit område med radioaktivitet, slik at radioaktiviteten vart bunden opp. Dette stoffet var ikkje godkjent i EU på dette tidspunktet, men Noreg fremja ein søknad som resulterte at vi fekk gjennomslag for at dette kunne brukast i heile EU. Dette gjorde at ein redda mat for store verdiar frå å bli øydelagt, fortel Flatlandsmo.

Knut Flatlandsmo og kollegene hans i Mattilsynet er ofte i møter i Brussel. - Det er viktig å vere våken for å fram norske interesser i EU-systemet, seier han.

- Europakommisjonen fekk oss på sporet
Ei anna sak som illustrerer samarbeidet med EU på matområdet kom med den såkalla Kadmiumsaka i 2005. Kadmium er eit stoff med eigenskapar som liknar på dei til kvikksølv og bly, og vil såleis kunne vere skadeleg for både dyr og menneske ved høgt inntak. Eksempelet illustrerer at området for matsikkerheit krev eit horisontalt samarbeid fagområda i mellom, sidan feil på fôrsida vil kunne påverke verdikjeda heilt til middagsbordet.

- I mars 2005 fekk vi resultat av nokre prøver vi hadde tatt av fôr eit par månadar tidlegare. Dei viste eit nivå av kadmium som verkeleg fekk oss til å heve augebryna. I møter med Europakommisjonen vi hadde like etterpå fekk vi vite at eit tilsvarande tilfelle hadde skjedd nokre år tidlegare i EU, som følgje av import av eit parti med sinksulfat frå Kina. Det viste seg å vere akkurat det same som hadde skjedd i det norske tilfellet. Bra var det at vi kom raskt på sporet og fekk trukke tilbake det som var å trekke tilbake av fôr, og at vi samstundes fekk sett i verk tiltak som sikra at ureina matvarer ikkje vart lagt ut for sal.

Avgjerande å vere samkøyrde
Medan nettverket av nordmenn med EU-kompetanse ikkje var like stort i 1994, er tilfellet noko anna i dag. Veterinæren fortel vidare om nær kontakt med sine europeiske kolleger, og då særleg dei nordiske.

- Den teknologiske revolusjonen har sjølvsagt også gjort sitt til at vi lett kan holde kontakten. På midten av 90-talet var det så vidt vi visste kva e-post var for noko, seier Flatlandsmo, som vidare meiner at informasjonsutveksling og koordinering mellom dei som sit heime og dei i Brussel er sentralt.

-  Når eg skal i møter med Europakommisjonen, møter eg alltid EU-delegasjonen først. Om det høver slik deltek eg, over telefon frå EU-delegasjonen, i møte med det faste EØS-koordineringsutvalet som finn stad hjå Mattilsynet kvar fredag, med "matdepartementa" LMD, FKD og HOD til stades. Har eg møter over to dagar, forsøker eg å avlegge EFTA eit besøk også. Det er viktig at ein koordinerer innsatsen mellom dei som er i Noreg, dei som reiser til Brussel i møter, og dei som sit ved den norske EU-delegasjonen med ansvar for å ivareta dei norske interessene her nede. Dette er avgjerande, og samstundes noko som har gått på skinner heile tida, poengterer Flatlandsmo.