Historisk arkiv

Kolmuleavtale Norge-EU

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Norge, Island, Færøyane og EU har vorte samde om forvaltinga av kolmule for 2007. Fangsten i nordaust-Atlanteren skal reduserast frå 2 millionar tonn til 1,7 millionar tonn.

Reduksjonen er i samsvar med nedtrappingsplanen for fisket som partane vart samde om i fjor. Etter avtalen kan norske fartøy fiske 446.165 tonn kolmule neste år. I tillegg kjem kvotene som Noreg bytter til seg i dei bilaterale avtalane med EU og Færøyane.

Meir om avtalen på Fiskeri- og kystdepartements sider.