Historisk arkiv

Linz og Vilnius lovar kultur til alle

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Tradisjonen tru er to byar utpeikt til europeiske kulturhovedstadar i 2009. Medan det i 2008 var Liverpool og Stavanger hadde tittelen, er det no Linz og Vilnius sin tur. Å tilby kultur til alle er målsetninga til dei to byane.

Noreg hadde éin av dei to europeiske kulturhovudstadane i 2008. Under mottoet ”Open Port” gjennomførte Stavanger over 1 100 store og små arrangement i løpet av fjoråret, med over 875 000 besøkjande sett under eitt. Frå 1. januar 2009 er austerriske Linz og litauiske Vilnius europeiske kulturhovudstadar, begge med eit ynskje om å få kulturen ut i gatene. I ein europeisk kulturhovudstad får innbyggjarar og besøkjande eit breidt utval av kulturelle opplevingar i eit heilt år, og ordninga fungerar også som marknadsføring av byen og landet.

Kulturhovudstadar sidan 1985
Ordninga med europeiske kulturhovudstadar skriv seg tilbake til 1985, med Athen som den første innehavaren av tittelen. Ein eigen kommisjon har som oppgåve å foreslå kandidatar overfor Rådet, og byane som blir valt får støtte over EU-budsjettet. Normalt får to eller tre byar status som kulturhovudstad kvart år. Eit av kriteriane for å bli kulturhovudstad er at programmet for året må involvere dei fastbuande i byen. For å nå opp må programmet for året også vektlegge eit fokus på den meir langsiktige utviklinga til byen kulturelt, økonomisk og sosialt sett.

Linz viser førarens kultur
Linz har si beliggeheit ved elva Donau i det nordlege Austerrike, og har 190 000 innbyggjarar. Byen har sidan 2007 arbeidd med programmet for året, og eit av dei viktigaste temaa Linz nemner for året er historia til det tjuande århundret. I samarbeid med musea i det øvre Austerrike set Linz mellom anna fokus på ”førarens kulturhovudstad”, sidan byen på eit punkt vart adoptert som Adolf Hitlers heimby. Gjennom utstillingar blir nasjonalsosialismen som heilheit og livet i regionen under det nasjonalsosialistiske styret konfrontert.

Linz vil fortelje historia til byen under nasjonalsosialismen. Biletet er frå 1943. Foto: Walter Frenz Collection, Berlin.

Vilnius forventar tre millionar
Hovudstaden i Litauen ynskjer å fremje dialog og toleranse gjennom sitt år som kulturhovudstad. Med mottoet ”Culture Live” er målet å gjere at publikum føler eigarskap til kulturen som vert skapt. Byen ser også året som ei moglegheit til  å eksponere Vilnius og Litauen for resten av Europa. Dette er avspegla i byens forventningar for året, som listar opp forventningar om tre millionar besøkande og deltakande, samt femten prosent turistauke for byen og landet. I tillegg håpar ein at kunnskapen om Litauen og Vilnius vil auke utanfor landet som eit direkte resultat av kulturbystatusen.

Kultur til folket
Eit ofte uttalt mål for europeiske kulturhovudstadar er at kulturen skal vere for alle. Dette gjeld også for Linz og Vilnius. Gjennom året vil fleire hendingar finne stad i gatebildet, og kunst vil bli sett ut i det offentlege rom. Slik rekk ein forhåpentlegvis også eit publikum som kanskje ikkje er dei mest ivrige museumsgjengarane til vanleg.

Eksterne lenker