Historisk arkiv

- Lisboa-traktaten dug ikkje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Når danske Mogens Camre deltek i møter om EU, eller mottek studerande og andre i Brussel eller Strasbourg, får han stadig spørsmålet: Når Dansk Folkeparti er i mot EU, kvifor sit du då som medlem i Europaparlamentet?

- Dette er eit spørsmål som eg møter med undring kvar gong, for det er faktisk ei veldig primitiv oppfatning av demokratiet. Det er som å seie til Sosialdemokratane eller Sosialistisk Folkeparti i Danmark: ”Når du er imot regjeringa, kvifor sit de då i Folketinget”?

Mogens Camre sit i den såkalla UEN-gruppa (Union for Europe of the Nations Group) i Europaparlamentet. Partigruppa ynskjer først og fremst eit europeisk samarbeid mellom sjølvstendige nasjonalstatar, og vil ha eit smalare europeisk samarbeid enn det som er tilfellet i dag. Gruppa består av 44 parlamentarikarar frå seks EU-land.

Ynskjer europeisk samarbeid
- Dansk Folkeparti er ikkje motstandarar av europeisk samarbeid, sjølvsagt ikkje. Vi meiner at det er veldig viktig at dei europeiske landa samarbeider om dei spørsmåla som kan og må løysast i Europa. Samtidig som vi er motstandarar av ein del av det som foregår i EU, og vi er framfor alt motstandarar av ei rekkje av dei modellane for framtidas europeiske samarbeid som ulike krefter arbeider for, fortel Camre.

Mogens Camre er motstandar av Lisboa-traktaten. Her gjev han uttrykk for meininga si i Europaparlamentet i Strasbourg, i juni 2008. Foto: Privat.

Fem hovudpunkt
Camre trekk fram fem saker som Dansk Folkeparti er tilhengjarar av med hensyn til det europeiske samarbeidet.

- Vi er for eit ope Europa handelsmessig sett, og vi vil gjerne at dette samarbeidet skal utvidast til også å gjelde USA og Canada. Vi ynskjer at EU skal vere meir ope for samhandel med verda utanfor EU.

- Ei rekkje tekniske standardar vert samordna i Europa. Dette gjeld tekniske spesifikasjonar på alt frå elektriske installasjonar i forbindelse med togdrift til arbeidarbeskyttelse, og på område som kjemikaliar og mattryggheit. På alle dei områda der det ikkje kan bli einigheit om dei høge krava vi har i Danmark, ynskjer vi at EU fastset minstekrav.

- Det er viktig med eit politi- og rettssamarbeid om bekjempelse av kriminalitet, terror og ulovleg innvandring. Men igjen; eit samarbeid, og ikkje at ein gjer frå seg makta over dansk lovgjeving.

- Dei omfattande påverknadane på det globale miljøet og dei klimaendringane som finn stad, krev ein felles innsats, både med hensyn til å motverke menneskeskapte påverknader og tilpasning av virkningane av klimaendringar.

- Vi meiner at EU bør bruke mesteparten av midlane som medlemslanda gjev til EU til ein innsats på forskning og innovasjonsområdet, retta mot vår tids store problem: bærekraftig energiproduksjon, sjukdomsbekjempelse, det globale miljøet, samt effektive sosiale og økonomiske samfunnsstrukturar.

Camre trekk vidare fram tre kriterier for at makt skal kunne overførast til EU-systemet; eit folkeleg fleirtal for maktoverdragelsen; klare stordriftsfordelar ved å løyse oppgåver i EU-regi; det skal vere naudsynt for å oppnå resultat at oppgåva blir løyst i fellesskap.

Motstandar av Lisboa-traktaten
- Den EU-modellen som Lisboa-traktaten legg opp til, er ein union som blir styrt overnasjonalt. Denne kan kun tvingast igjennom fordi ein ikkje let alle europearar stemme over den, seier Camre.

Ifølgje han er det feil å fortsetje med maktkonsentrasjonen i EU og ei sentralstyring av den økonomiske utviklinga i land som ikkje liknar kvarandre. Han hevdar at ulike land ikkje kan styrast av den same politikken, og at dei ikkje kan ha same valuta og pengepolitikk. Camre meiner dette vil bidra til å gjere EU til eit område med låg vekst, og at brutto nasjonalprodukt per innbyggjar vil fortsetje å ligge mykje under det ein har i USA. Mogens Camre er såleis sterkt kritisk til meir makt til EU-institusjonane.

- Danmark har skapt utviklinga si i friheit. Andre land kan gjere det same om dei vil, men EU skal ikkje tvinge dei. Derfor arbeider Dansk Folkeparti for eit europeisk samarbeid mellom likeverdige, frie nasjonar. Og derfor seier vi til danskane at dei skal seie nei til dei partia som seier ja til Lisboa-traktaten, avsluttar Camre.

I anledning valet på nytt Europaparlament i 2009 vil EU-delegasjonen dei komande månadane presentere dei sju partigruppene i inneverande parlamentsperiode gjennom portrett av  europaparlamentarikarar frå våre nordiske naboland.