Støttar strategi for Østersjøregionen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Europaportalen
Nyhet | Dato: 09.02.2009 | Sist oppdatert: 28.06.2012
EU er i gong med å utarbeide ein strategi for Østersjøregionen. Noreg, som allereie deltek i regionen i utstrakt grad gjennom Interreg Østersjøen og EØS-midlane, ynskjer arbeidet velkomen. Eit første utkast til ein slik strategi er i ferd med å bli utvikla, og Utanriksdepartementet oversendte i desember norske innspel til strategiarbeidet.
Den neste konferansen om EUs Østersjøstrategi finn stad i Rostock 5. og 6. februar. Noreg meiner Østersjøområdet er viktig, og er allereie involvert i økonomisk og sosial utvikling i regionen gjennom EØS-midlane og Interreg-samarbeidet. I forbindelse med Europakommisjonen sitt arbeid med ein eigen strategi for regionen, er det utarbeidd eit norsk innspel. Til saman skal seks konferansar med norsk deltaking viast til strategiarbeidet.
Norsk engasjement i regionen
Utvidinga med ti nye EU-land i 2004 representerte også ei utviding av EØS-området, og Noreg har såleis fleire felles interesser med EU i Østersjøregionen. Noreg meiner dei overordna målsetningane i EUs strategi er høgst relevante. Eit viktig mål med den planlagde strategien er nettopp å arbeide for å følgje opp utvidinga frå 2004, då med eit særleg fokus på økonomi og tryggleik, samt sosiale og miljømessige forhold. Vidare EØS-midlar etter 2009 vil kunne bidra som eit tillegg for å nå målsettingane i EU sin framtidige strategi. Det forventast at EU vil kome med ein strategi innan det svenske formannskapet tek over 1. juli i år.
Del av eit større samarbeid
EUs Østersjøstrategi må sjåast som del av det allereie eksisterande nordeuropeiske samarbeidsrammeverket, som omfattar eit vidt geografisk område og fleire institusjonar. Den nordlige dimensjonen, Barentsrådet, Østersjørådet, Nordisk Ministerråd og Arktisk Råd, representerer fleire allereie viktige element i den nordeuropeiske samarbeidsstrukturen. Det er ynskjeleg at EUs nye strategi bør omfatte samarbeid med dei allereie eksisterande institusjonane. For å sikre fortsatt sosial og økonomisk utvikling i området, ser Noreg det også som viktig med ei vidare utvikling av Det indre marked.
Ynskjer samarbeid på fleire nivå
I det norske innspelet til Kommisjonen ynskjer Noreg å fokusere på samarbeid mellom det nasjonale, regionale og det lokale nivået i Østersjøområdet. Regionen har lange tradisjonar for samarbeid på tvers av landegrensene; nasjonalt, regionalt og lokalt. For Noreg er det eit ynskje å delta i diskusjonar rundt alle aspekt ved EUs strategi. Noreg ser det vidare som interessant å delta i gjennomføringa av strategien på områder av felles interesse, og ynskjer derfor å utveksle synspunkt med dei berørte landa.
The EU Strategy for the Baltic Sea Region: Norwegian comments (pdf-fil)