Historisk arkiv

Selsaka nærmar seg land

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Denne veka inviterte EU-delegasjonen til debatt for å belyse argumenta og prosessen i den såkalla selsaka. Fiskeriråd Paul Oma la fram dei norske synspunkta, medan meiningsmotstandar Carl Schlyter frå partigruppa Dei grøne i Europaparlamentet la fram sitt syn på selfangst og importforbud av selprodukt til EU.

Med bakgrunn i den seinare utviklinga i selsaka, inviterte informasjonsavdelinga ved EU-delegasjonen til debatt i Norway House 1. april. Eit femtitals personar frå det norske miljøet i Brussel møtte opp for høyre om Noreg sitt arbeidet i forhold til EU-sida i saka, og for ei meiningsutveksling mellom EU-delegasjonens fiskriråd Paul Oma og ein av Noreg sine meinigsmotstandarar, svenske Carl Schlyter.

Måndag 2. mars vedtok Europaparlamentets komité for Det indre marked og forbrukarsaker å gå inn for eit forbod mot import av selprodukt til EU. Saksordførar Diana Wallis sitt utkast, med forslag om eit system for merking av selprodukt, vart stemt ned. Europaparlamentet stemmer over saka i plenum 4.-7. mai, som er den siste plenumssesjonen før det skal velgast nytt parlament.

Ledd i heilheitleg forvaltning
Det er to hovudpunkt som blir drege fram frå norsk side. Først og fremst meiner Noreg at selfangst er ein nødvendig del av ei heilheitleg økoforvaltning, og for det andre er det ein fangst som skjer etter dei høgaste etiske standardar.

- Noreg har i motsetning til EU dyrelovgivning, og Noreg har betre dyrevelferd enn mange andre land. Når det gjeld jegarane må dei opp til skytterprøver kvart år, og teoretiske prøver kvart andre år. Skipperen på båten må bestå denne kvart år. Vidare har alle selskuter ein inspektør som er veterinær og som har som oppgåve å rapportere uregelmessigheiter i fangsten. Med dette regelveket opplever vi minimalt med skadeskyting, og god kontroll med jakta, sa fiskeriråd Paul Oma.

Carl Schlyter (t.v.) frå partigruppa Dei Grøne i Europaparlamentet stilte til debatt med fiskeriråd Paul Oma (t.h.). I midten assisterande informasjonsråd og ordstyrar Eirik Bergesen. Foto: Bjørn Tore Erdal.

Problematisk inspeksjon
Europaparlamentarikar Carl Schlyter meinte på si side at inspeksjon av selfangst er problematisk. Han drog fram den kanadiske selfangsta som eksempel, ei fangst han meiner har store utfordringar.

- Det hjelp ikkje med reglar dersom dei ikkje blir fulgt, sa Schlyter, og viste til forholda i kanadisk selfangst.

Han meinte vidare at regelbrot i Canada ikkje vert tilstrekkeleg rapportert, samt at det utviklar seg eit lojalitetsforhold mellom inspektørar og jegerar på desse båtane.

- Det er vanskelig å drive effektiv kontroll av ei jakt som skjer i så store område og i ein så kort periode, hevda Europaparlamentarikaren.

Etikk og moral
Frå norsk side vert det anført at Noreg har ein forvaltningspolitikk som har vist gode resultat. Noreg har mellom anna vorte kåra til verdas beste forvaltar av FN, og nylig også av WWF. Schlyter var einig i at norsk ressursforvaltning ligg langt framme, og han peika mellom anna til det norske regimet med hensyn til utkasting av fisk. Parlamentarikaren la ikkje noko i mellom når han karakteriserte EUs marine ressursforvaltning som ei katastrofe.

- EU sin ressurspolitikk er blant dei verste i verda, og ein har store utfordringar med hensyn til å tilpasse fiskeflåten sin til dei ressursane som er i havet, sa Schlyter.

Han peika vidare på at det må skapast incentiv for samarbeid mellom havforskning og fiskeindustri, og at landa som blir ramma av totalforbodet mot selfangst må sjå på moglegheiter for å kompensere for tapet dette medfører, til dømes gjennom auka turisme.

Noreg tidleg ute
- Noreg var tidleg ute med å fremje sitt syn når det vart klart at Europakommisjonen ville fremje forslag om å regulere handelen med selprodukt. Europakommisjonen sitt forslag gjekk på at ein skulle hindre adgang til Den indre marknaden for selprodukt med bakgrunn i fangst som ikkje oppfylte etiske standardar. Noreg arbeidde deretter utifrå dette synet, sa Paul Oma.

Det er eitt unntak i det forslaget som no føreligg, nemleg for sel som er fanga av Inuittar. Inuittane nyttar også fangsmetodar som kan karaktriserast som kritikkverdige, noko som også Schlyter er einig i. Schlyter hevda likevel at Inuittane står ei særstilling som ikkje kan sidestillast med det norske tilfellet.

- Inuittane har kanskje brutale fangstmetodar, men dei er avhengige av jakta på ein heilt anna måte enn tilfellet er for Noreg, sa Schlyter.

Totalforbod rammar
- Eit handelsforbud er eit like demokratisk val som det er for Noreg å drive beskatning av sel, sa Schlyter. - Norge står i sin rett til å fange sel om ein vil, men EU ynskjer altså ikkje å importere produkt som skriv seg frå denne jakta.

- Eit totalforbud for import av selprodukt til EU vil ramme norsk selfangst eitt hundre prosent, sidan all eksport av selprodukt går om land som Sverige, Finland og Tyskland. - Noreg vil fortsetje sitt arbeid med å fremje det norske standpunktet for EU, men det blir vanskeleg å få ei endring i saka slik den står no, sa Paul Oma.

Carl Schlyter trur på si side at det fleirtalet som no ligg både i Europaparlamentet og Rådet med hensyn til totalforbod vil halde.

4.-7. mai stemmer Europaparlamentet over selsaka i plenumssesjonen i Strasbourg.

Fakta om norsk selfangst

Norsk kommersiell selfangst skriv seg tilbake til tidleg 1800-tal, og sjåast i samanheng med ei heilheitleg forvaltning av økosystemet. Kvotetildelinga, som skjer etter faglig tilråding, har dei siste fem åra medført eit fangstresultat på alt frå 1300 til 21 500 dyr per år. Ein også ein mindre kystselfangst i Noreg, som skjer frå land, med rundt 1 000 fanga dyr i året. All fangst i Noreg er basert på ei vitenskapleg tilnærming til korleis ein best kan sikre eit bærekraftig økosystem.

Noreg ser det som viktig å forvalte hele økosystemet og ikkje berre delar av det. Eit anna argument er også at store bestandar av sjøpattedyr skadar fiskeribestanden, som i det vidare bidreg til negative økonomiske konsekvensar for dei som driv fiske. Vidare bidreg store ansamlingar sjøpattedyr til sjukdomar dyra i mellom. Det norske argumentet er såleis at beskatning av sel er ein del av ei ansvarleg dyre- og miljøforvaltning.