Historisk arkiv

Norsk initiativ for betre koordinering i Afghanistan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

<p>Noreg får støtte frå EU i arbeidet med å betre koordineringa av den internasjonale innsatsen i Afghanistan. Statssekretær i UD, Kjetil Skogrand møtte positive reaksjonar i Brussel igår.</p>

Utanriksminister Jonas Gahr Støre tok under opninga av FNs generalforsamling opp behovet for ei betre koordinering frå det internasjonale samfunnet i Afghanistan. Statssekretær Skogrand var i Brussel for å følgje opp dette initativet. Gårsdagens samtalepartnerar var mellom andre Pedro Serrano, direktør for sivil krisehandtering i Rådssekretariatet og Robert Cooper, generaldirektør for EUs politisk-militære og økonomiske forhold, Javier Solanas "høgre hand". 

EU ønskjer det norske initiativet velkomen, og er samd i at det må ein meir målretta innsats til. Det trengs ei betre koordinering mellom dei ulike aktørane, som er mange: FN-organisasjonar, einskildland, Verdsbanken og forskjellige humanitære organisasjonar.

Noreg skal legge fram eit forslag til korleis koordineringa kan bli betre, på NATOs toppmøte i Riga i november.

Les også dagens BT, der statssekretær Kjetil Skogrand er intervjua.