Historisk arkiv

Nær 2 millionar til klarspråksarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Tildelinga av årets klarspråksmidlar er klar, og 23 verksemder har fått støtte til å starte eller vidareføre arbeidet med å bli endå klarare i kommunikasjonen med innbyggjarane.

Tildelinga av årets klarspråksmidlar er klar, og 23 verksemder har fått støtte til å starte eller vidareføre arbeidet med å bli endå klarare i kommunikasjonen med innbyggjarane.

 - Eg er glad for at vi gjennom støtteordninga gjer det mogleg for mange statlege verksemder å starte – eller halde fram med – klarspråksarbeidet sitt. Dei siste tre åra har vi delt ut rundt seks millionar kronar til ulike statlege verksemder, seier ein stolt fornyingsminster Rigmor Aasrud. Men eg har ei oppfordring til dei som mottek støtte: Sørg for at klarspråksarbeidet blir så godt forankra internt i verksemda no at det held fram sjølv når pengane eller rådgjevinga tek slutt!

Prosjektet «Klart språk i staten» er eit samarbeid mellom Difi og Språkrådet. I tillegg til økonomisk støtte tilbyr prosjektet òg rådgjeving og kurs på arbeidsplassen gjennom støtteordninga. I år søkte 27 verksemder om støtte, og dei fleste har fått godkjent heile eller delar av søknaden.

Det er mange verksemder som har fått støtte, og dei har ulike ambisjonsnivå på tiltaka. Nokre av dei, til dømes Utlendingsdirektoratet og Statens pensjonskasse, har drive systematisk språkarbeid i fleire år, medan andre er i startgropa. Barneombodet skal mellom anna lage ein forenkla versjon av barnekonvensjonen, medan Statens vegvesen satsar på å måle effektar av klarspråksarbeidet og utvikle e-læring. Landbruks- og matdepartementet skal få rådgjeving frå Språkrådet i samband med skriving av ei lov, medan NAV skal ta fatt på ein stor dokumentgjennomgang for å forenkle språket i ei rekkje brev og skjema.