Ny prost i Aust-Telemark
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 25.03.2011
Sokneprest Asgeir Sele (42) vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Aust-Telemark prosti.
Sokneprest Asgeir Sele (42) vart i statsråd i dag utnemnd til prost i Aust-Telemark prosti.
Sokneprest Asgeir Sele tok teologisk embetseksamen i 1992 og praktisk-teologisk eksamen i 1993. Frå 1994 til 1996 var han studentprest i Oslo og frå 1996 til 1999 landssekretær i Noregs kristelege student- og skoleungdomslag. Sele har vore prest i Bø sidan 1999, og han er nå fungerande prost i Aust-Telemark.