Helen Bjørnøy ny fylkesmann i Buskerud
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 21.06.2013
Helen Bjørnøy er i statsråd i dag utnevnt til ny fylkesmann i Buskerud.
Helen Bjørnøy er i statsråd i dag utnevnt til ny fylkesmann i Buskerud.
- Helen Bjørnøy vil fylle stillinga som ny fylkesmann i Buskerud på ein svært god måte. Bjørnøy utmerkar seg med svært brei og god kompetanse, i tillegg til eit sterkt samfunnsengasjement. Ho er kunnskapsrik og har gjennom politiske verv og lokal forankring god kjennskap til fylket Buskerud, seier Fornyings-, administrasjons- og kyrkjeminister Rigmor Aasrud.
Helen Bjørnøy (f. 1954) har dei siste fem åra vore Generalsekretær i Plan Norge. Ho har tidligare vore miljøvernminister (2005–07 ), generalsekretær i Kirkens Bymisjon og var og høgskulelektor/førstelektor på Lovisenberg diakonale høgskole i 8 år.
Bjørnøy har også hatt ei rekke ulike verv, både i politikk, verksemder, og frivillig sektor. Ho har vore nestleiar i Nei til EU, vore medlem av pressens Faglige Utvalg (PFU) og har hatt verv i SV.
Helen Bjørnøy har blitt tildelt prisen ”Kunsten å lede” og Rettferdighetsprisen.
Bjørnøy etterfølger Kirsti Kolle Grøndal som fylkesmann i Buskerud. Utnevninga gjeld for ein åremålsperiode på seks år.