Offentleggjering av plassering av nasjonal minnestad ved Utøya
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 08.04.2013
Regjeringa har beslutta kvar den nasjonale minnestaden tilknytta Utøya skal vere. Plasseringa av minnestaden blir gjort offentleg av statsråd Rigmor Aasrud tirsdag 9. april.
Regjeringa har beslutta kvar den nasjonale minnestaden tilknytta Utøya skal vere. Plasseringa av minnestaden blir gjort offentleg av statsråd Rigmor Aasrud tirsdag 9. april.
Tidspunkt for frammøte: Tirsdag 9. april klokka 10.00
Stad: Langs riksveg 155 (Utstranda), litt bortanfor nedkøyringa til Utøya i retning Sundvolden. (Sjå kart)
Det er nokre minutt å gå frå vegen og til staden som er valgt, så frammøtte bør ha sko som passar til vandring i utmark.
Statsråd Aasrud vil gjere gjør greie for valet av minnestad og for den vidare framdrifta. Det blir kommentarar frå AUF-leiar Eskil Pedersen og John Hestnes frå den Nasjonal støttegruppa.
Også andre involverte offentlege instansar vil vere til stades.
Spørsmål kan rettast til FAD v/ kommunikasjonssjef Frode Jacobsen, telefon 995 23 495.
Stad for oppmøte er omlag der vegen på kartet er merka med 155.