Stortingsmelding om nordisk samarbeid
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet
Pressemelding | Dato: 04.10.2013
Arbeidet i det nordiske regjeringssamarbeidet har vore prega av omstilling i 2013. Budsjettet for 2014 vart beslutta redusert med 5 prosent og alle fagministerråda er omfatta av kuttet. I tillegg oppretta samarbeidsministrane eit prioriteringsbudsjett i kjølvatnet av avslutninga av globaliseringsinitiativet, og av dei tidligare avsette midla til formannskapa. Prioriteringsbudsjettet har som mål å støtte opp om nye innovative satsingar.

Grensehinder er ein sentral del av det nordiske samarbeidet. I haust er ein handlingsplan for arbeidet med grensehinder klar. Denne skal presenterast for Nordisk Råd under sesjonen i Oslo (29.-31. oktober). Det er også sett i gong ei rekkje prosjekt innanfor berekraftig velferd, som ei direkte oppfølging av det norske formannskapet i Ministerrådet i 2012.
Meldinga til Stortinget om breidda i arbeidet i Nordisk ministerråd blir utarbeidd årleg og omfattar også samarbeid utanfor Ministerrådet, som det utanrikspolitiske- og forsvarspolitiske samarbeidet.