Invitasjon til alle som har innspel om fornying av offentleg sektor
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Nyheit | Dato: 04.08.2006 | Sist oppdatert: 04.10.2006
Invitasjon til alle som har innspel om fornying av offentleg sektor
Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys inviterer alle til å kome med sine innspel om konkrete fornyingstiltak i offentleg sektor. No er det mogleg for alle å påverke korleis det offentlige tilbodet kan bli betre.
Regjeringa arbeider kontinuerlig med fornying av offentleg sektor og tek sikte på å leggje fram ein handlingsplan for fornying i løpet av 2007. Der vil det bli presentert dei prinsippa og verdiane som er førande i regjeringa sitt fornyingsarbeid, men fyrst og fremst kva regjeringa konkret vil gjere for å gjere det offentlege tilbodet enda betre.
- Regjeringa vil skape verdas beste offentlege sektor gjennom ein dugnad saman med tilsette, leiarar, frivillige lag og organisasjonar. Fornyingsarbeidet skal skje ut frå brukarane sine behov og på lag med dei som skal setje fornyinga ut i livet. Då får vi meir velferd og mindre administrasjon, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys.
- Eg legg vekt på medverknad i fornyingsarbeidet. Difor ynskjer eg i denne omgang å få innspel vi kan bruke som ein del av grunnlaget for arbeidet med ein plan for fornying av offentleg sektor i åra som kjem, fortset ho.
Har du konkrete innspel til regjeringa sitt fornyingsarbeid, kan du sende inn desse på e-post til fornying@fad.dep.no, eller i brev til departementet. Fristen for å sende inn forslag er 1. september