Historisk arkiv

Meir demokrati er målet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

08.02.06

Meir demokrati er målet

- Det er mykje å hente på å flytte politisk handsaming nærare dit folk bor, det er eit viktig demokratisk prinsipp, seier fornyingsministeren. I går møtte ho saman med kommunal- og regionalministeren ordførarar frå austlandet.

Soria Moria-erklæringa varsla etableringa av eit fornya og styrka regionalt forvaltningsnivå. Regionale høyringar med kommunane vert avvikla no i februar og mars. Første møte var på Gardermoen. Ordførarar frå regionen stilte mannsterke opp og talte Roma for og imot. Dei to statsrådane var klåre på at dei no var ute for å lytte. Men litt har dei no meiningar om.

- Vi trur at ved å gjere dette blir tenestene meir brukarretta, mot næringsliv og innbyggjarar, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys. Ho ser for seg ein del politiske gode komme ut av ein kommande omorganisering av regionane.

I første omgong vil regjeringa ta stilling til kva oppgåver som skal overførast til regionane, og parallelt vurdere dei delane av regional statsforvaltning som vert omfatta av reforma. Til hausten kjem stortingsmelding, men først er det høyring med kommunane om forvaltningsreforma rundt om i heile landet. Meldinga vil ta for seg oppgåvefordeling mellom forvaltningsnivåa. Spørsmål om endringar i inndelinga vil etter dette verte avklara i ein prosess der kommunane og fylkeskommunane deltek.

Fornyings- og administrasjonsministeren sit med ansvaret for statlig regional forvaltning, og er slik saman med kommunal - og regionalministeren sentral i arbeidet.

Frå venstre Ellen Løchen Børresen(Sp), Trøgstad, Østfold, Åse Hammerhei (Ap), ordfører Hobøl, Østfold og Odd Reinsfelt (H) ordfører Bærum, Akershus.