Historisk arkiv

Møt IT-ministeren på nettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Møt IT-ministeren på nettet

Vil du påverke den teknologiske utviklinga? No har du sjansen.

Mandag 14. august kl 11.00 stiller fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys til nettprat på Noreg.no, der ho særleg oppmodar ungdom til å ta kontakt. Du kan sende inn spørsmål og kommentarar allereie no.

Grande Røys, som har ansvaret for å samordne den samla IKT-politikken til regjeringa, legg i haust fram ei stortingsmelding om ”Det digitale løftet”. Der vil ho mellom anna ta opp korleis staten kan medverke til at folk blir flinkare til å bruke Internett og andre digitale tenester. Ho vil òg sjå på korleis skulen best mogleg kan møte det ungdom ynskjer og treng når det gjeld bruk av IT i undervisninga, og korleis det offentlege kan gi folk eit betre elektronisk tilbod.

Barn og unge er ei gruppe som sjeldan får høve til å påverke politikken. Grande Røys vil gjerne nytte høvet til å høyre kva nettopp desse meinar.

Til dømes vil ho gjerne vite:

  • Er undervisninga på skulen tilpassa din elektroniske kvardag? Korleis vert PC-ar og andre elektroniske hjelpemidlar brukte? Kan bruken bli betre?
  • Har foreldre god nok kjennskap til digitale tenester som mobil og internett? Kva kan det offentlege gjere for at dei skal bli betre?
  • Er det lett å finne det de ynskjer av offentleg informasjon og tenester på nettet? Korleis kan det bli lettare? Kva med meir kontakt mellom barn og unge, og dei som tar avgjerder? Til dømes ved å kunne gi tilbakemeldingar om korleis lover og reglar verkar?
  • Om du ser fem år framover, kva slags datautstyr og program bør vere vanleg på skulane?
  • Korleis trur du og ynskjer du at din digitale og elektroniske kvardag ser ut om fem år?

Send inn dine spørsmål/kommentarar via www.noreg.no

.