Historisk arkiv

Fornyingsminister Heidi Grande Røys besøker Buskerud

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fornyingsminister Heidi Grande Røys besøker Buskerud fylkesmannsembete tysdag 17.april. Statsråden vil blant anna møte fylkesmannens leiargruppe og statsetatsjefane i Buskerud.

Fornyingsminister Heidi Grande Røys besøker Buskerud fylkesmannsembete tysdag 17.april.  Statsråden vil blant anna møte fylkesmannens leiargruppe og statsetatsjefane i Buskerud. Ho vil óg møte dei tilsette på eit eige allmøte.

Statsråden vil òg besøke Øvre Eiker kommune, der ho skal delta i lanseringa av  e-demokratiprosjektet og Politikarnettverket som skal gjere det enklare for politikarane å finne fram informasjon og kommunisere med innbyggjarane.

- For å få eit levande og utviklingsorientert lokalsamfunn med eit aktivt lokaldemokrati må forholdet leggjast til rette for auka engasjement. Eit sentralt verkemiddel i dette arbeidet er å gjere offentleg informasjon og tenester lettare tilgjengeleg, og  bidra til ein enkel og aktiv dialog med innbyggjarane. E-demokrati-prosjektet i Øvre Eiker er eit døme på korleis dette kan gjerast, seier Grande Røys.

Program for besøket:
09.10: Møte med fylkesmannens ledergruppe
10.00: Møte med statsetatsjefene i Buskerud
11.15: Lunsj
12.00: Allmøte – fylkesmannens ansatte
13.30: Statsråden lanserer e-demokratiprosjektet i Øvre Eiker
14.15: Dialogmøte med Øvre Eiker kommune

Kontaktperson:
Kommunikasjonssjef Signe Horn, mobil 92603520