Historisk arkiv

Europeisk samarbeid om trygg bruk av nettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Regjeringa foreslår norsk deltaking i EU-programmet Sikrare Internett. Sikrare Internett skal fremje sikker bruk av Internett blant barn og unge under 18 år, og motkjempe ulovleg innhald og skadeleg åtferd på nettet.

Regjeringa foreslår norsk deltaking i EU-programmet Sikrare Internett. Sikrare Internett skal  fremje sikker bruk av Internett blant barn og unge under 18 år, og motkjempe ulovleg innhald og skadeleg åtferd på nettet.

Sikrare Internett har som mål å fremje sikker bruk av Internett og annan kommunikasjonsteknologi blant barn og unge under 18 år, og å motkjempe ulovleg innhald og skadeleg åtferd ved bruk av direktekopla teknologi. Programmet legg særleg vekt på praktisk informasjon til barn, foreldre og lærarar. Mellom anna skal programmet:

  • støtte kontaktpunkt som kan gje råd om korleis ein kan opptre sikkert på Internett, handtere risiko i samband med nettbruk og hanskast med barnelokking (grooming) og digital mobbing,
  • medverke til at det vert skipa eit nasjonalt kontaktpunkt der brukarar kan rapportere ulovleg innhald og skadeleg åtferd på nettet,
  • stimulere til bruk av tekniske løysingar, til dømes filtreringsprogram og -tenester, som kan hindre tilgangen til ulovleg og skadeleg innhald,
  • oppmuntre bransjen til sjølv å fremje eit sikrare miljø og regulere straumen av uønskt, skadeleg og ulovleg innhald,
  • etablere ein kunnskapsbase som skal samle ajourførd informasjon om bruken av ny teknologi hjå barn, relatert risiko og konsekvensar. Dette krev samarbeid mellom forskingsmiljø på europeisk nivå.

Fellesskapsprogrammet for vern av barn som nyttar Internett og annan kommunikasjonsteknologi (Sikrare Internett) 2009–2013 vart formelt vedteke i EU 16. desember 2008 ved europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 1351/2008/EF. Programmet Sikrare Internett skal vare i fem år frå 1. januar 2009. Programmet er ei oppfølging av programmet Sikrare Internett Pluss, som Noreg har teke del i sidan 2006.

Det samla budsjettet til EU-programmet er på 55 millionar euro over fem år. Utgiftene for Noreg vil vere på 1,25 millionar euro (eller om lag 11 millionar kroner om ein legg ein eurokurs på 8,80 kroner til grunn). I tillegg vil Noreg tilsette ein nasjonal ekspert i tilknyting til programmet.

Regjeringas tilråding om å innlemme programmet i EØS-avtalen er fremja i stortingsproposisjon nr. 44 (2008-2009).