Lansering av MiSide er utsett
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet
MiSide lansert etter nyttår
Pressemelding | Dato: 29.11.2005 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Pressemelding
Nr.: 59/2005
Dato: 29.11.2005
Kontaktpersoner:
Kommunikasjonsrådgiver Gunn Janne Myrseth tlf.: mobil 952 82
119
Seniorrådgiver Ragnvald Berggrav tlf.: mobil 924 55 337
Lansering av MiSide er utsett
Innbyggjarportalen MiSide vert lansert etter nyttår. Sjølv om alle tekniske løysingar er klare til jul, lyt ein ha ein lengre testperiode før MiSide vert open for allmenn bruk. Endeleg dato for lansering vil departementet kome tilbake til i første halvdel av januar.
– Vi tek ikkje sjansen på å lansere MiSide før vi har fått nok tid til testing og kvalitetssikring. Innbyggjarane skal ha tillit til at informasjonen deira vert trygt handsama, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.
Ho er sjølv svært nøgd med at så vel Sikkerhetsportalen for trygg innlogging og Miside-løysinga, begge er på plass til jul. Det gir rom for god uttesting.
Ministeren skal sjølv opne Sikkerhetsportalen den 15. desember. Sikkerhetsportalen vil verte tatt i bruk av næringslivsportalen Alltinn først og det skjer allereie den 16. desember. MiSide derimot treng meir omfattande testing. Difor vert det lansering av MiSide i løpet av første kvartal 2006.
– Vi held igjen lanseringa til vi
er heilt sikre på at alt er på stell, seier statsråden som har
store håp til nytta MiSide vil få:
– Vi har store ambisjonar for den vidare utviklinga av
MiSide. For det første vil vi utvide MiSide frå berre å inkludere
tenester frå statlege etatar til og å tilby kommunale tenester. Eit
døme på dette kan vere elektronisk søknad om plass i barnehage. For
det andre vil vi utvide MiSide til også å verte ei felles trygg
postkasse for personlege meldingar mellom kvar enkelt innbyggjar og
offentlege verksemder. Du vil til dømes kunne få svar på søknader,
skatteoppgjeret og melding om at bilen må til periodisk kontroll –
alt samla i same elektroniske postkasse.
Moderniseringsdepartementet leier MiSide-prosjektet med prosjektdeltakarar frå 6 ulike etatar. Sikkerhetsportalen vert tilbydd og drifta av Bankenes Betalingssentral, BBS. Brønnøysund-registra har forvaltningsansvaret for rammeavtalen. MiSide løysinga som er laga av Software Innovation, vert forvalta av Noreg.no.
For meir informasjon, sjå www.norge.no/minside og www.brreg.no/sikkerhetsportal