Historisk arkiv

Breiband billegare

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Breibandsdekning til alle i løpet av 2007 blir langt rimelegare enn venta. Mellom 800 millionar og ein milliard kronar blir summen i følgje dei siste utrekningane Teleplan har laga på bestilling frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Pressemelding

Nr.: 1/2006
Dato: 02.01.06
Kontaktperson: Kommunikasjonsrådgiver Gunn Janne Myrseth tlf.: mobil 952 82 119

Breiband billegare

Breibandsdekning til alle i løpet av 2007 blir langt rimelegare enn venta. Mellom 800 millionar og ein milliard kronar blir summen i følgje dei siste utrekningane Teleplan har laga på bestilling frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

Tidlegare overslag har vore oppe i 1,7 milliardar kronar berre for dekning av offentlege institusjonar, mens dei siste tala inkluderer også alle husstandar og verksemder. Årsaka til det lågare overslaget er samansett. Dels har den høge breibandstilknytinga i landet auka lønnsemda i den marknadsbaserte utbygginga. Dels har utstyrsprisar på breibandsutstyr falle monaleg, kombinert med at nye breibandsteknologiar, spesielt innan radio, har sett dagens lys.

– Rapporten gir eit godt grunnlag for vidare arbeid og for å innfri Soria Moria-erklæringa. Eg vil no starte prosessen med å utgreie ulike alternative modellar og opplegg for korleis staten skal medverke økonomisk for å sikre breibandsdekning til alle i 2007, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.

Kostnadsoverslaget er basert på ei kombinert utbygging med bruk av fleire breibandsteknologiar. Ei utbygging utelukkande basert på ein særskild teknologi vil gi vesentleg høgre kostnader. Breiband over telefonlinja vil vere mest effektivt dersom det finst ein oppgradert telefonsentral i nærleiken. Andre stader vil radiobasert teknologi vere best eigna, mens mobilteknologi og tovegs satellittaksess er gode alternativ for dei mest spreiddbygde områda.

For å utarbeide overslaget har Teleplan laga utbyggingsplanar for 15 representative eksempelkommunar. Basert på dette har ein utarbeidd overslag over kostnader til nasjonalt nivå.