Historisk arkiv

Fornying for velferd og verdiskaping

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

- Regjeringa ynskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggjarane gode tenester, valfridom og medråderett. Difor vil vi utvikle velferdssamfunnet vidare. Vi vil satse på fellesskapsløysingane og redusere forskjellane i samfunnet.

Pressemelding

Nr.: 44/2006
Dato: 06.10.06
Kontaktperson: Kommunikasjonssjef Signe Horn, t. 926 03 520

Fornying for velferd og verdiskaping

- Regjeringa ynskjer ein sterk og effektiv offentleg sektor som gir innbyggjarane gode tenester, valfridom og medråderett. Difor vil vi utvikle velferdssamfunnet vidare. Vi vil satse på fellesskapsløysingane og redusere forskjellane i samfunnet. Gjennom aktivt samspel skal vi skape verdas beste offentlege sektor, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys om fornyingsarbeidet og dei tiltaka som vert lagt fram i statsbudsjettet for 2007.

Ein god offentleg sektor er ein konkurransefordel for næringslivet. Eit godt utdanningssystem, støtte til forsking og utvikling og gode sosiale ordningar i det offentlege gir norsk næringsliv auka konkurransekraft internasjonalt. Ein god og velfungerande offentleg sektor er ein føresetnad for at næringslivet veks og går godt. Denne regjeringa legg avgjerande vekt på dette samspelet. – Ingen er tent med at offentleg sektor vert splitta opp, privatisert og bygd ned slik den forrige regjeringa heldt på med, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.

Gode og effektive fellesskapsløysingar
Regjeringa meiner at viktige samfunnsoppgåver skal løysast i fellesskap av det offentlege. Løyser vi oppgåvene i offentleg forvaltning og tenesteproduksjon ein prosent meir effektivt kvart år utan å svekkje kvaliteten, vil vi etter fire år ha om lag 15 milliardar kroner ekstra årleg til å gjennomføre dei prioriterte måla i Soria Moria-erklæringa om forbetring av velferdsstaten.

Regjeringa sitt fornyingsarbeid vil vere tufta på dei tre store reformene i offentlig forvaltning: Pensjonsreforma, etableringa av NAV, som er den nye arbeids- og velferds- forvaltninga og regionreforma, der målet er å etablere eit fornya og meir robust regionalt forvaltningsnivå.

Innanfor Fornyings- og administrasjonsdepartementet sitt område vil konkrete tiltak i fornyingsarbeidet i 2007 mellom anna vere

  • skaffe eit betre grunnlag for å vurdere om arbeidstidsreformer vil gi positive effektar i arbeidslivet, m.a. ved å foreslå løyving på 20 millionar kroner til å undersøkje om eldre arbeidstakarar vil jobbe lenger med tilpassa arbeidstid
  • arbeide fram ei ny plattform for betre styring, organisasjon og leiing.

IKT viktig område for fornying
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) skal støtte opp om ein heilskapleg politikk for fornying og er eit viktig område for fornyingsarbeidet. Regjeringa vil difor leggje fram ei eiga melding for Stortinget om IKT. Det er første gong ei regjering legg fram ei brei, heilskapleg melding om IKT og informasjonssamfunnet. I meldinga blir det lagt stor vekt på digital inkludering, digital kompetanse, eforvaltning og bruk av IKT i offentlig sektor. Andre viktige tema som vil bli handsama i meldinga er IKT-forsking, næringsutvikling, digitalt innhald og IKT-tryggleik.

I budsjettet for 2007 foreslår regjeringa mellom anna:

  • Rekordløyving til breiband med om lag 122 millionar kroner til breibandstiltak som særleg skal gå til infrastrukturtiltak i distrikta.
  • Auka satsing på MiSide, frå 6 millionar i 2006 til 13 millionar kroner i 2007, slik at innbyggjarane skal få ein felles portal for informasjon til og frå det offentlege.
  • 10 millionar kroner til ei storsatsing på opne IT-standarder og open kjeldekode for å gjere utveksling av informasjon uavhengig av programvare.