Historisk arkiv

Fusjonen mellom Gilde og Prior er godkjent

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 38/2006
Dato: 05.10.06
Kontaktperson: Seniorrådgiver Jan-Egil Nyland, t. 916 91 014, ekspedisjonssjef Jan A Halvorsen, 91 54 42 53, avdelingsdirektør Steinar Undrum, 22 24 48 16

Fusjonen mellom Gilde og Prior er godkjent

Fornyings- og administrasjonsdepartementet har oppheva Konkurransetilsynet sitt forbod mot fusjonen mellom Gilde og Prior. Departementet meiner at fusjonen ikkje har konkurranseskadelege verknader.

Departementet har oppheva Konkurransetilsynet sitt forbod mot fusjonen mellom Gilde og Prior på eit konkurransefaglig grunnlag. Departementet har kome til ein annan konklusjon enn Konkurransetilsynet i vurderinga av verknadene av fusjonen for konkurransen i marknadene for foredla produkt av fjørfe og raudt kjøt. Det er eit krav i konkurranselova for å kunne gripe inn mot ein fusjon at den vil føre til eller forsterke ein vesentleg begerensing av konkurransen i dei rørde marknadene. Departementet sitt syn er at dette ikkje er tilfelle i denne saka.

Vanskeleg sak
- Dette har vore ei vanskeleg sak, seier statsråd Heidi Grande Røys, som peiker på at fusjonen har med produkt å gjere som betyr mykje for oss som forbrukarar.
- Derfor er det viktig at konkurransen ikkje vert svekka i desse marknadene. Departementet har lagt ned mykje arbeid for å være trygge på at fusjonen ikkje har konkurranseskadelege verknader. Vi har vurdert fleire moglege grunngjevingar for å forby fusjonen innafor konkurranselova sine regler, men dei har ikkje ført fram. Ei viktig vurdering var å avgjere om produkt av fjørfe og raudt kjøt var i same marknad. For mange er det naturleg å bytte mellom desse kjøtslaga i dei daglege innkjøpa. Verken fagfolka i Konkurransetilsynet eller departementet har kunna påvise at mange nok gjer dette til at det kunne leggjast til grunn at Gilde og Prior var konkurrentar. Dette er òg i samsvar med vurderingane som gjerast av konkurransemyndigheitene i EU, seier statsråden.

Konkurransetilsynet la difor eit anna grunnlag for å gripe inn. Tilsynet meinte det var truleg at Gilde innan kort tid ville etablere seg i marknaden for foredla fjørfekjøt på ein slik måte at det ville verte eit konkurransetrykk i marknaden som fusjonen ville ta bort.

Heidi Grande Røys peiker på at etter ei grundig vurdering har departementet kome til at sjølv om det er truleg at Gilde vil etablere seg i marknaden for foredla fjørfekjøt i avgrensa omfang, vil Gilde måtte kjøpe råvarer frå Prior, eller Prior sin konkurrent Den Stolte Hane.

- Ei slik etablering fører ikkje til eit konkurransetrykk etter departementet si vurdering, seier statsråden. Departementet si vurdering er at det berre er ei omfattande etablering frå Gilde si side, der Gilde sikrar seg eigne leverandørar av fjørfe som selskapet sjølv slaktar og vidareforedlar, som kunne styrke konkurransen i marknaden for fjørfekjøt. Departementet kan ikkje sjå at det er truleg at ein slik omfattande etablering kunne skje innafor ei tidshorisont som leggjast til grunn ved vurdering av fusjoner seier Grande Røys.