Historisk arkiv

MiSide blir ikkje lansert første kvartal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 11/2006
Dato: 13.03.06
Kontaktperson: Fung. informasjonssjef Gunn Janne Myrseth tlf.: mobil 952 82 119

MiSide blir ikkje lansert første kvartal

MiSide er utsett og blir ikkje lansert første kvartal i år slik det tidligare er varsla. Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys vil ikkje gi nokon ny dato for ei lansering av innbyggjarportalen.

Statsråden understrekar at det er fullt trykk i arbeidet, men at etablering av MiSide og felles Sikkerhetsportal for offentleg sektor inneber eit komplekst samspel mellom mange offentlege verksemder, marknadsaktørar og ulike tekniske løysingar.

- I MiSide-etableringa er der mange ting å ta omsyn til som ikkje vi sjølve er herre over. Mellom anna er det utfordringar knytt til marknaden for elektronisk ID i Noreg. Det har vist seg å vere meir krevjande enn ein tidlegare trudde å få leverandørar av eID til å levere tenestene sine i ein felles Sikkerhetsportal for offentleg sektor. Vidare er det utfordringar knytt til utvikling av forretningsmodellar som opnar for ein vinn-vinn situasjon for alle involverte partar - eID-leverandørane, sikkerhetsportalleverandøren og offentlege brukarar av tenester i Sikkerhetsportalen, seier Grande Røys.

- MiSide skal gje innbyggjarane ein inngang til dialogen med og tenester frå det offentlege. Utan kunnskap om korleis forvaltninga er organisert skal du som innbyggjar finne lett fram. Sikkerhetsportalen skal gje ein felles infrastruktur for bruk av elektronisk ID og elektronisk signatur. Behova som låg til grunn for MiSide og felles eID då desse vart starta er stadig aukande. Men når ein driv pionér-arbeid risikerer ein at det dukkar opp utfordringar som det tar tid å løyse. Det er, så langt eg er kjent med, ingen andre land som har klart å etablere noko liknande samspel, seier Grande Røys.

Den tekniske løysinga for MiSide har vore på plass ei stund, og Fornyings- og administrasjonsdepartementet har opna for bruk av MiSide og tenestene, men førebels berre for ei avgrensa forsøksgruppe. Departementet arbeider med å utvide omfanget av denne pilotbruken, slik at kontrollert bruk i større skala kan gjennomførast.

- MiSide er avhengig av bruk av tenester frå Sikkerhetsportalen. Kompleksiteten med å kople saman MiSide og Sikkerhetsportalen er større enn ein såg då ein starta opp. Ein var for optimistisk med omsyn til tida ein trong for å få alle brikkar på plass, opplyser Grande Røys.

Statsråden har ikkje grunnlag no for å gi ein ny dato for lansering av MiSide. Før lansering må ein sikre at tilstrekkeleg mange brukarar har høve til å logge seg inn på MiSide via Sikkerhetsportalen, og at det føreligg tilfredsstillande resultat frå piloten.